Monica Johannesen Mørk vert barne- og familiesjef

Politiinspektør Monica Johannesen Mørk er tilsett som barne- og familiesjef i Øygarden kommune. Ho kjem frå stillinga som tenesteeiningsleiar på Bergen vest politistasjon.

Monica Johannesen Mørk - Klikk for stort bileteMonica Johannesen Mørk

Barne- og familiesjefstillinga er nyoppretta etter ei omorganisering og har det øvste ansvaret for barne- og familieområdet i kommunen.

Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, seier at det var mange gode kandidatar til stillinga og at det har vore ein grundig prosess for å landa tilsetjinga.

-    Monica utmerka seg med si erfaring, engasjement og heilskaplege tenking. Med henne får vi også tilført ein annan kompetanse enn det vi har i organisasjonen i dag, og ikkje minst spisskompetanse på førebyggjande arbeid. Eg er glad og stolt over at Øygarden kommune og Oppvekst er attraktiv for leiarar med ein slik kompetanse og erfaring, seier kommunalsjefen. 

Monica Johannesen Mørk opplever det både spennande og litt skummelt å bevega seg frå politietaten og over i kommunen. 

-    Samstundes er eg svært takksam for tilliten og gler meg til å vera med og drifta og utvikla det nye ansvarsområdet for barn og familie i Øygarden kommune. Eg ser fram til å få meir kjennskap til det gode arbeidet som allereie vert gjort på fagområdet og til å verta kjent med leiarar og medarbeidarar, seier Johannesen Mørk.

Ho tek til i stillinga innan 1. oktober.

Pr. no vert arbeidsfeltet til barne- og familiesjefen helsestasjonane, familie- og rettleiingssenteret, skulehelsetenesta, flyktninghelsetenesta, jordmortenesta, kommunepsykologar for barn og unge (BUFT), barnevernet og ungdomstenesta.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat