- Møt året med eit ope sinn!

Dette var avslutningsorda frå ordførar Tom Georg Indrevik då han møtte 106 studentar på Bildøy bibelskole på måndag.

Ordførar Tom Georg Indrevik saman med nokre av studentane. Rektor Andreas Evensen står bak til venstre. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik saman med nokre av studentane. Rektor Andreas Evensen står bak til venstre.

Nokre dagar etter skulestart ønskte ordføraren eit rekordstort kull velkomen til Øygarden. Han understreka at elevane som går på denne skulen har teke eit bevisst val. Både samfunnet og enkeltpersonar har mange utfordringar.

- Då er det utruleg viktig at de tek eit bevist val. No nærmar det seg også val, og hugs at det er mogleg å røysta på førehand fram til og med 8. september klokka 17.00, sa ordføraren og viste til at innbyggartorget og biblioteket har opne vallokale som kan nyttast av dei som ikkje allereie har røysta eller har planar om å gjera det på sjølve valdagen.

Ordføraren var tydeleg på at Øygarden kommune har mykje å by på og viste mellom anna til at det er mange gode tilbod når det gjeld fritids- og friluftsaktivitetar.

- Det er billigare å ta seg ein tur opp til Liatårnet enn til kjøpesenteret…. Ved Fjell festning er det ein leirplass som kan brukast, og det er gode moglegheiter for å overnatta ute i sovepose, sa han.

Han ønskjer at flest mogleg av studentane vert verande i kommunen.

- Vi treng å auka folketalet i kommunen. Her er arbeidsplassar knytt til klimatiltak og CO2-lagring. Området her ute var eitt av dei fattigaste i landet tidleg på 1900-talet. No er vi ein av dei rikaste regionane i landet. Anlegget på Kollsnes står for 40 prosent av norsk gasseksport til Europa, sa ordføraren.

Han fekk fleire spørsmål frå studentane. Det var ikkje dagen for å svara på politiske spørsmål, men han svarte på spørsmålet om to topp turmål.

- Då tilrår eg ein tur til Liatårnet og den nye dagsturhytta på Veten som opnar sundag 3. september, sa Tom Georg Indrevik.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Andreas Evensen - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke