- MOT-samling gjev idear og motivasjon

Ein delegasjon på 16 personar frå Øygarden deltok på eldsjel- og erfaringssamlinga til MOT i Trondheim torsdag og fredag.
- Dette har vore ei flott og viktig samling, seier kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta.

Den glade MOT-gjengen frå Øygarden. - Klikk for stort bileteDen glade MOT-gjengen frå Øygarden.

I tillegg til Sylta deltok ordførar Tom Georg Indrevik, Anita Garlid Johannessen (politikar), MOT-koordinator Lars Johan Fløisand-Hansen, representantar frå dei fire kommunale ungdomsskulane og andre MOT-engasjerte i Øygarden. Hovudtema for samlinga var MOT TIL Å LEVA.

Svein Harald Røine hadde «Finn ditt hverdagsmot» som tema, medan Ingvard Wilhelmsen snakka om «Sjef i eige liv».

- Eg opplevde begge desse to føredraga som interessante og inspirerande. Vi har fått godt påfyll av idear og motivasjon til å driva MOT-arbeidet i Øygarden. Det er også viktig for oss som deltakarar å reisa saman og vera i lag på ei samling som dette, seier Marius Sylta.

Ordførar Tom Georg Indrevik viser til hovudtemaet MOT TIL Å LEVA.

- Nette er noko som er viktig for alle. I tillegg er det imponerande at det heile vart leia av dagleg leiar i MOT, Regine Oen Rong, som kjem frå Øygarden, seier ordføraren.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: privat