Møtte statsministeren på minnestaden etter 22. juli
På tysdag denne veka fekk Malene Wåge Hansen frå 9F på Fjell ungdomsskule møta statsministeren og digitaliserings- og forvaltningsministeren i ein samskapingsprosess av eit minnesmerke framfor Høgblokka i Regjeringskvartalet.
Møte med statsminister Jonas Gahr Støre. Malene Wåge Hansen er nr. to frå venstre.Ho, og fem andre deltakarar frå andre skular i Noreg, fekk leggja mosaikk i dette kunstverket saman med statsminister Jonas Gahr Støre og digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
Malene og elevar frå andre skulane fekk delta i samskapingsprosessen leia av 22. julisenter i samarbeid med KORO (Statens fagorgan for kunst i offentlege rom) der etterlatne, overlevande og andre er med og skapar minnestaden i regjeringskvartalet.

Dei andre elevane som var med på turen frå Fjell ungdomsskule, fekk også leggja mosaikk i kunstverket, men utan ministrane. Dei var Ameli Ada Harris, Maren Nordvik Ommedal og Alida Algrøy Foldnes. Dei er deltakarar på Demokrativerkstad på Utøya denne veka.
Tekst og foto: Cecilie Ilebekk, lærar/spes.ped.koordinator/koordinator for særskilt språkopplæring
Publisert 29.04.2026 16.52