Nasjonal merksemd om barnevern

Øygarden kommune har fått nasjonal merksemd det siste året om korleis  barnevernstenesta har svart på kritikken til det norske barnevernet i den Europeiske menneskerettsdomstolen. Ved hjelp av prosjektmidlar frå Statsforvaltaren har kommunen saman med andre kommunar utvikla verktøy som skal bidra til ny praksis. 

Hege Gundersen og Janne Kleppe Kalstad på talarstolen. - Klikk for stort bileteHege Gundersen og Janne Kleppe Kalstad frå barnevernstenesta orienterte om tilstandsrapporten for barnevernet og om prosjekt ressurshus for barn og unge.


Dette går fram av tilstandsrapport for barneverntenesta 2023 som levekårsutvalet tok til orientering på møtet onsdag. Utvalet la også til i vedtaket at utvalet ønskjer at dei faglege utfordringane som barnevernstenesta rapporterer om blir framheva i saksframlegget ved neste tilstandsrapport.

I rapporten går det fram at verktøya skal bidra til å betra kvaliteten på vurderingar knytt til kontakt mellom barn og foreldre etter ei omsorgsovertaking og vurderingar knytt til om, og eventuelt når, barna skal flytte tilbake til sine biologiske foreldre, går det fram av tilstandsrapporten. 

- Øygarden kommune er i tillegg ein sentral pådrivar i den nasjonale utfordringa med å rekruttera fleire  fosterheimar gjennom eit anna prosjekt. Målet med dette prosjektet er å mobilisera innbyggjarane i  kommunen til å verta interessert i fosterheimsarbeid, står det i rapporten.

I rapporten er det vist til fleire satsingsområdet i tida som kjem. Det er kompetanseheving og rettleiing for tilsette, fokus på vald og overgrepssaker, utviding «landsbytankesettet» og ressurshus.

På møtet i levekårsutvalet orienterte einingsleiar for barnevernstenesta, Hege Gundersen, og avdelingsleiar i barnevernstenesta, Janne Kleppe Kalstad, om tilstandsrapporten for barnevern og om prosjekt ressurshus barn og unge.

Ressurshus

Når det gjeld arbeidet med å få etablert ressurshuset for barn og unge vart det vist til kommunestyrevedtaket om å etablera omsorgsplassar for barn med oppstart hausten 2024. Målet er å ta vare på barn og unge og å redusera utgiftene til kjøp av statlege barnevernplassar. 

I prosjektplanen arbeider ein med å innhenta nøkkelpersonar, henta erfaring frå andre kommunar og skaffa innsikt om nasjonale føringar. Det skal etablerast ei arbeidsgruppa som skal arbeida med lokalisering , økonomiske konsekvensar og fagleg innhald. Målet er å koma med forslag fram mot sommaren. 

Oversikt og sals- og skjenkeløyve

Levekårsutvalet tok oversikt og sals- og skjenkeløyve i Øygarden kommune og utførte kontrollar til orientering. I 2023 vart det halde totalt 120 kontrollar av faste sals- og skjenkestader (47 skjenkekontrollar og 73 salskontrollar).

Får fornya salsløyve

Utvalet vedtok at Vinmonopolet får innvilga to salsløyve for alkohol i gruppe to og tre. Løyvet gjeld for salslokala på Sartor Storsenter (Straume) og Sund Senter (Skogsskiftet). Salsløyva gjeld til og med 30. juni 2028.

Andre orienteringar

I tillegg til orientering om barnevernsrapporten og ressurshuset, gav kommunalsjef for Oppvekst og kommunalsjef for Helse og velferd, Line Barmen, aktuell informasjon innanfor eigne fagområde.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke