Foto: ColourboxHovudårsaka til nedgangen dette kvartalet er netto innanlandsk utflytting. Medan 466 personar flytta til Øygarden frå andre kommunar, var det heile 607 personar som flytta ut av kommunen. Dette førte til netto innanlandsk utflytting på 141 personar.
Samstundes utgjorde nettoinnvandring eit positivt bidrag til folketalet på 37 personar, og fødselsoverskotet utgjorde 42 personar.
Så langt i år har folketalet i Øygarden auka med 203 personar (0,5 prosent). Nettoinnflytting utgjer om lag ein tredel av auken. Her er det nettoinnvandringa (102 personar) som sørger for at vi har netto innflytting. Innanlandsk har det så langt i år vore 33 fleire personar som har flytta ut av kommunen, enn som har flytta inn. Fødselsoverskotet på 134 personar så langt i år har vore det viktigaste bidraget til folkeveksten, og utgjer om lag to tredelar av veksten.
Nasjonalt har ein sett ein auke i fødselstala i 2024 samanlikna med dei to førre åra. I Øygarden har vi noko lågare fødselstal så langt i år (292) som på same tidspunkt i fjor (303).
I Bergensregionen er det Alver som har hatt størst prosentvis vekst så langt i år (0,8 prosent), medan Bergen har hatt lågast vekst (0,5 prosent). Både Bergen, Øygarden og Alver har hatt innanlandsk nettoutflytting så langt i år, medan Alver og Bjørnafjorden har hatt innanlandsk nettoinnflytting.
Tekst/diagram: Kristina Espeseth