Området ved hovudinngangen fekk store brannskader. Frå venstre; avdelingsingeniør Andreas Kårbø, ordførar Tom Georg Indrevik, kommunedirektør Johnny Breivik, skulesjef Rune Golf, eigedomssjef Jarle Kvalvik, rektor Ingunn Bente Lie, avdelingsleiar Martin Jonas Hellesund Nakken, einingsleiar for utbygging Terje Reinan og vaktmeister Kjell Åge Alvheim.Frå 28. mai og fram til haustferien dette skuleåret har mellomtrinnet (5. – 7. trinn) fått undervisning på gamle Toftøy skule. Det har i denne perioden handla om logistikk, flytting og transport i tillegg til undervisning. No er alt tilbake slik det var før brannen.
- Personalet har brukt mykje tid for å få alt på plass. Vi har hatt god kontakt med foreldra. No er vi tilbake der vi skal vera, seier ein glad rektor, Inger Bente Lie.
- Elevane har takla omlegginga på ein fin måte, seier avdelingsleiar Martin Jonas Hellesund Nakken.
Krevjande rehabilitering
Brannen den 25. mai oppstod i området ved hovudinngangen. Ei stund var det fare for store delar av skulen ville verta totalskadd, men med godt redningsarbeid klarte ein å unngå det. Bygningsmassen vart påført både brannskader, vasskader og luktskader. Totalt sju klasserom var påført skade og kunne ikkje brukast. Om lag tre firedelar av bygningsmassen fekk røykskader. Kostnadene med rehabiliteringa av skulen enda opp mot fem millionar kroner.
Litt annleis undervisning
Carena Edvardsen Vik og Filip Kaland gjekk i sjette klasse då skulen vart ramma av brann den siste laurdagen i mai. Tre dagar seinare fekk mellomtrinnet undervisning på gamle Toftøy skule. Etter haustferien var dei tilbake på heimskulen.
Carena var saman med klassevenninner og spelte handball i Hjeltefjorden Arena då det kom melding om brann på skulen deira.
Carena Edavardsen Vik og Filip Kaland (7. trinn) seier at undervisninga på gamle Toftøy skule gjekk fint, men dei er glade for å koma tilbake til Rong skule.- Det var mange folk som kom til skulen og såg på redningsarbeidet, seier ho.
- Det var jo trist at dette skjedde. På Toftøy skule kjende eg nokre frå før. Vi var saman i friminutta og vi vart kjende med nye elevar, seier Filip.
Det var nok ein overgang frå undervisning på ein sju år gamal skule til gamleskulen på Toftøyna.
- Det var litt kaldare i gangane på den gamle skulen enn her, men det gjekk bra. Vi mangla litt bøker i starten, og vi hadde litt meir uteundervisning i denne perioden, seier Carena som saman med Filip gler seg over at Rong skule no er som før.
Vellukka prosjekt
Avdelingsingeniør på eigedom og gjennomføring, Andreas Kårbø, seier at det straks etter sløkt vart gjennomført skadeførebyggjande arbeid. Takkonstruksjonen vart påført omfattande skader og mange takplater måtte skiftast ut. Etter anbod fekk Straume Mesterbygg AS hovudjobben med rehabiliteringa.
Han meiner møte kvar veke mellom aktørane og skulen har vore ein suksessfaktor.
- Det har vore ein omfattande jobb. Ei av dei største utfordringane har vore å fjerna brannlukta. Reingjeringsfirmaet måtte gjennomføra eit omfattande arbeid for å få bukt med dette. Til og med takstolane måtte reingjerast, sa Kårbø som også gler seg over godt samarbeid med takseringsselskapet Bjørsvik Takst & Eiendom AS.
Einingsleiar for utbygging, Terje Reinan, gjev stor ros til alle involverte aktørar i arbeidet med å få skulen tilbake slik han var.
- Dette viser at med samarbeid kjem ein langt. Vi kan trygt seia at dette har vore eit suksessprosjekt, seier han.
Her er fleire bilete:
Tekst og bilete: Vigleik Brekke