Ill.fotoFolkeveksten var på 188 personar dette kvartalet. Med unntak av fjerde kvartal 2023 (202 personar) er dette den høgaste kvartalsvise veksten sidan kommunesamanslåinga.
Det vart fødd 100 barn i kommunen i løpet av andre kvartal i år, og fødselsoverskotet var på 57 personar. Nettoinnvandring utgjorde 22 personar, medan innanlandsk nettoinnflytting førte til 94 fleire innbyggarar.
Så langt i år har folketalet auka med 0,67 prosent. Øygarden har så langt i år hatt høgare vekst enn Alver (0,6 prosent), Bergen (0,1 prosent), Bjørnafjorden og Askøy (begge 0,4 prosent).
- Det er gledeleg at vi no har passert 40 tusen innbyggjarar i Øygarden. Det var positivt overraskande at vi nådde denne milepålen allereie i løpet av det første halvåret, seier ordførar Tom Georg Indrevik.
Han viser til at kommunestyret har vedteke at milepålen 40 000 innbyggjarar vert markert ved at fire familiar med barn fødd omkring milepålen får peika på eit frivillig lag eller ein organisasjon i Øygarden som kvar får 10 tusen kroner, totalt 40 tusen kroner.
- I tillegg vil familiane få eit gåvekort på fire tusen kroner kvar, seier ordføraren. Det er ikkje avklart kva familiar dette gjeld.
I følgje prognosar for utviklinga i folketalet vil det gå fleire tiår før vi kan markera ein slik milepåle igjen, ved 50 000 innbyggarar.
Sidan 1. januar 2020
- har folketalet i Øygarden auka med 4,5 prosent (1 717 personar)
- er det fødd 1 822 barn i Øygarden kommune
- har 8 446 personar flytta til kommunen
- har 7 505 personar flytta ut av kommunen.
Tekst: Kristina Espeseth og Vigleik Brekke
Foto: Colourbox