No er vi snart 40 tusen innbyggarar

Første kvartal 2024 auka folketalet med 77 personar i Øygarden. Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).  Med dette er 39 845 personar busett i kommunen vår, og vi nærmar oss 40 tusen innbyggarar. 

Foto: Colourbox - Klikk for stort bilete

Nær halvparten av auken første kvartal kjem av fødselsoverskotet på 35 personar. Nettoinnvandring bidrog med 28 personar, medan innanlandsk nettoinnflytting resulterte i 14 nye innbyggarar. 

I løpet av første kvartal 2024 var veksten på 0,19 prosent i Øygarden, like mykje som veksten i Bergen kommune. Til samanlikning var veksten 0,16 prosent i Bjørnafjorden og 0,12 prosent i Askøy kommune. Alver kommune hadde ein auke på 0,29 prosent i løpet av kvartalet. 


Tekst: Kristina Espeseth