Det nye bygget og uteområdet rommar ny topp moderne brannstasjon, ny base for eigedom og drift, lagringsareal for Øygarden bustadutvikling KF og ein stor parkeringsplass for bussane administrert av det fylkeskommunale selskapet Skyss.
Ordføraren viste til at dette nye bygget bidreg til at ein no kan starta det viktige arbeidet med å frigjera areal for utvikling av Skogsskiftet og at dette vert eit endå meir attraktivt kommunedelsenter. Han gratulerte særleg dei som skal nytta dette flotte bygget; Øygarden brann og redning og dei som arbeider med eigedomsforvaltning, drift og vedlikehald.
- Vi får flytta brannstasjonen og bussane ut av Skogsskiftet. Dette opnar for god og rett utvikling av eit moderne sentrum med fokus på mjuke trafikantar. Dette er også eit bygg og ein eigedom som viser at vi får til sambruk og at vi har lokale konkurransedyktige leverandørar innan bygg lokalt som satsar på lærlingar lokalt, sa ordføraren og takka ei rekkje personar og aktørar som har vore med på å få realisert dette bygget og støtte han har hatt frå mellom anna leiar i utval for samfunnsutvikling, Andreas Kallekleiv.
Dronebilete av bygget i Skogsskiftet.
85 millionar kroner
Ein av dei som fekk takk, prosjektleiar Cristian Alsaker, sa at det var sett av 85 millionar kroner til prosjektet. I tillegg til bygget, er det laga til parkeringsplass for 25 bussar like ved bygget.
- Vi har halde oss innanfor ramma. Dette er primært ein brannstasjon. Det er laga til eit system der mannskapa flyt frå ein sone til ein annan. Ustyret vert vaska og mannskapa kjem tilbake til rein sone, forklarte Alsaker.
Dagleg leiar hjå totalentreprenøren, Sartor Drange, Arild Bøthun, takka for oppdraget og gav honnør til gode underleverandørar.
- Det er kjekt å byggja slike bygg som dette. Eg unner dykk som skal bruka bygget desse gode fasilitetane. Øygarden er ein dyktig byggherre, sa Bøthun og lova ei flaggstong som gåve som ein takk for godt samarbeid.
50 personar var med på den offisielle opninga av bygget.
Styreleiar i Øygarden brann og redning fram til 1. april, Per Rune Eikeseth, takka kommunestyret som har vedteke finansiering av prosjektet og ordførar Tom Georg Indrevik og leiar i utval for samfunnsutvikling Andreas Kallekleiv, Skyss, fylkeskommunen, Øygarden bustadutvikling og driftsavdelinga.
Brannsjef Bjørn Olav Paulsen viste til at den formelle prosessen med dette bygget tok til i 2016.
- 16 månader etter den første salva, står vi her i dag. Utan ein aktiv styreleiar (Per Rune Eikeseth) hadde det vore vanskeleg å få dette gjennom, sa Paulsen som også håpte at dei andre kollegaene, som skal ha arbeidsplassen sin her, vil trivast i dette bygget.
Her er fleire bilete:
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Christian Alsaker og Vigleik Brekke