Frå venstre; kommunalsjef for Oppvekst Marius Sylta, Sahra Torsvik (organisasjonskonsulent i Hordaland Mållag og styremedlem i Øygarden mållag), Kari Østervold Toft (leiar Sotra Mållag), Anne Lise Grøm (leiar Øygarden mållag), varaordførar Anita Garlid Johannessen, Ingar Arnøy (Noregs Mållag) og kultursjef Marian Guddal Hansen.Nynorskstafetten er i regi av Noregs Mållag, og vert gjennomført i samarbeid med Norsk Målungdom, Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret og Nynorsk kultursentrum og lokale mållag.
Språkfolka besøkte Preg barnehage Toftøy og Stranda skule på torsdag. Fredag var det besøk på rådhuset og Sund ungdomsskule. I løpet av desse to dagane vart det også tid til å besøka Vest Næringsråd og Sartor Storsenter.
Ingar Arnøy gler seg over at nye Øygarden kommune vedtok språkbruksplan tidleg (november 2019).
- Vi viser gjerne til språkbruksplanen til Øygarden kommune. Det er viktig med språkpolitiske signal frå toppen, sa Arnøy.
Tema for møtet var mellom anna samanhengen mellom språk i barnehage og skule, vaksenopplæring, målbyte, språkopplæring og tilgang på språkressursar.
- Det har aldri vore produsert meir nynorsktekstar enn no. Vi er i ein heilt annan situasjon språkkulturelt no enn for 30-40 år sidan. Den språklege variasjonen er langt større, og det har aldri vore lettare å vera nynorskbrukar enn no, sa Ingar Arnøy som håpar at det kan etablerast rutinemessig fast bruk av ressursar frå til dømes Nynorsksenteret.
Ingar Arnøy fekk overrekt gåvebok frå Anita Garlid Johannessen.Øygarden kommune har jamleg kontakt og faste årlege møte med Øygarden mållag, Sotra Mållag og Hordaland Mållag. Sotra Mållag skal feira 50-årsjubileum i 2025. Neste år skal landstinget til LNK arrangerast i Øygarden 3. og 4. juni.
Tekst og foto: Vigleik Brekke