Nynorskkonferanse vert arrangert i Øygarden

Landssamanslutninga av nynorskkommunar, LNK, har avgjort at landstinget i 2025 skal arrangerast i Øygarden. Tinget vert halde på Panorama Hotell & Resort den 3. og 4. juni.

Frå landstinget på Stord i 2021. Biletet viser ordførarane som deltok. Heilt til venstre; ordførar Tom Georg Indrevik. Framme står styreleiar Sama Hamre Sekkingstad. - Klikk for stort bileteFrå landstinget på Stord i 2021. Biletet viser ordførarane som deltok. Heilt til venstre; ordførar Tom Georg Indrevik. Framme står styreleiar Sama Hamre Sekkingstad.

Landstinget vert arrangert annakvart år. Styreleiar er ordførar i Alver kommune, Sara Hamre Sekkingstad. 

Dagleg leiar i Nynorskkommunane (LNK), Svein Olav B. Langåker, seier at målet med landstinget er å laga ein framtidsverkstad for nynorsk i kommunane.

– Me gler oss til å arrangera landstinget vårt i verdas mest folkerike nynorskkommune, Øygarden.

Landstinget er ope for alle interesserte og samlar både folkevalde, kommuneleiing og tilsette frå dei 85 kommunane og tre fylkeskommunane som er medlemmer i LNK , i tillegg til fleire regionråd og interkommunale føretak. 

Språkstyrking

Eit aktuelt tema for konferansedelen av programmet blir korleis ein kan styrkja nynorsk som eit bruksspråk i alle delane av kommunen, frå barnehage og skule til bibliotek, vaksenopplæringa og kommuneadministrasjonen.

– Øygarden kommune har tatt fleire grep for å styrkja arbeidet med nynorsk, og har utvist stor vilje til å få landstinget til kommunen. Eg ser fram til å samarbeida med Øygarden kommune om å laga til eit spennande og aktuelt program for landstinget til neste år, seier Langåker.

Svein Olav B. Langåker - Klikk for stort bileteSvein Olav B. Langåker

Fungerande ordførar Anita Garlid Johannessen gler seg stort over at landstinget vert arrangert i Øygarden.

- Vi set svært stor pris på dette. Øygarden er ein bynær kommune som opplever at nynorsken er under press. Difor er det så viktig for Øygarden kommune å følgja opp språkbruksplanen med gode språktiltak. Dette gjeld både administrativt og ikkje minst i skule og barnehage. Eit landsting med godt fagleg påfyll er viktig og til inspirasjon for språkarbeidet i kommunen, seier Johannessen som tidlegare har engasjert seg i lokalt språkarbeid gjennom Sotra Mållag.

LNK er ein landsdekkjande organisasjon som skal arbeida for å skapa positive haldningar til nynorsk språk og kultur og for at kommunane og styresmaktene tek desse sakene opp gjennom sine planverk. LNK tek på seg å vera talerøyr for medlemene og spreia informasjon som styrkjer dialektane, nynorsk skriftspråk og dei kulturtradisjonane dette står for.

På dagtid dei to dagane i juni vert det aktuelle seminar og føredrag som er aktuelle for kommunal tilsette, politikarar og andre som er opptekne av språktema i det offentlege rom.


Tekst og foto: Vigleik Brekke