Riksveg 555 ved StoravatnetDei viktigaste endringane er at Godviksvingene blir stengd for trafikk i begge retningar. Det eksisterande køyremønsteret mot Askøy blir oppretthalde, men med ei viktig endring: kollektivfeltet blir omgjort til eit avkøyringsfelt mot Askøy og blir kopla på dagens trase for Godviksvingene like før terminalen.
Trafikk frå Askøy må, som i dag, ut på riksveg 555 i retning sentrum. Det vil og gjelda bussane, som følgje av at Godviksvingene blir heilt stengt for trafikk.
I podkasten Rådhuset fortel prosjektleiar i Statens vegvesen, Lene Sælen Rivenes, om kva omlegginga betyr for trafikantane.
- Hjelp kvarandre!
Prosjektsjef Lene Sælen Rivenes i Statens Vegvesen håpar trafikantane held fram med å hjelpa kvarandre fram og oppmodar trafikantane spesielt til å hjelpa bussane fram i rundkøyringa ved terminalen.
- Færre bilar på vegen er den einaste løysinga for å unngå køane. Vi oppmodar difor dei som kan til å reisa kollektivt eller samkøyra, reisa på andre tidspunkt eller ta heimekontor dersom det er mogleg, slik at alle kjem seg fram, seier ho.
Trafikken til og frå Øygarden vil gå som vanleg. Fotgjengarar og syklistar kan framleis gå og sykla langs Godviksvingene. Fram til trafikkopning 1. juni 2027 skal heile trafikkløysinga på Storavatnet byggjast om, og køyremønsteret blir endra fleire gonger.
Les meir på nettsida til Sotra Link. Der er det også video som viser det nye køyremønsteret.
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Sotra Link