Ill. Statens vegvesen
Frå 20. januar vert Godviksvingene stengt for trafikk i begge retningar.
Prosjektsjef Lene Sælen Rivenes hjå Statens Vegvesen håpar trafikantane held fram med å hjelpa kvarandre fram og oppmodar trafikantane spesielt til å hjelpa bussane fram i rundkøyringa ved terminalen.
Trafikken til og frå Sotra vert uendra
Det vert ikkje endringar i stoppestader for bussane, men bussar frå Askøy kan ikkje lenger køyra Godviksvingene, men må inn på riksveg 555 ved Storavatnet terminal. Trafikken til og frå Sotra vil gå som vanleg. Fotgjengarar og syklistar kan framleis gå og sykla langs Godviksvingene.
- Færre bilar på vegen er den einaste løysinga for å unngå køane, og vi oppfordrar derfor dei som kan til å reisa kollektivt eller samkøyra, reise på andre tidspunkt eller ta heimekontor dersom det er mogleg, slik at alle kjem seg fram, seier Lene Sælen Rivenes.
I 2025 blir arbeidet i dette området intensivert, og Statens vegensen er tydeleg på at det vert krevjande å koma seg fram.
Fram til trafikkopning 1. juni 2027 skal heile trafikkløysinga på Storavatnet byggjast om, og køyremønsteret vert endra fleire gonger.
Les meir på nettsida til Sotra Link.