Frå den offisielle opninga tysdag kveld. Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, dagleg leiar i OTD Odd Eide Knudsen, og varaordførar Anita Garlid Johannessen.Den offisielle opninga var på eit hotell i Bergen sentrum. Men det er i Øygarden det skjer, anten det er snakk om OTD eller realiseringa av det grøne skiftet. Dagleg leiar, eller på fint Co-Owner OTD AS, Odd Eide Knudsen, er optimistisk med tanke på kor mange som vil finna vegen til fotballhallen i Straume idrettspark onsdag og torsdag.
- Eg reknar med at mellom sju og ti tusen vil vera innom dørene desse to dagane. Operatørane og innkjøparane ser behovet for å koma tettare på leverandørindustrien. Øygarden representerer eitt av dei største subsea-miljøa i verda, seier Knudsen.
Ordførar Tom Georg IndrevikOrdførar Tom Georg Indrevik viste mellom anna til dei store aktørane Equinor, Shell og Total som står bak realiseringa av Northern Lights i Øygarden med mottaksanlegg på Ljøsøyna og lagring av CO2 2600 meter under havbotnen vest i havet.
- Desse selskapa er nøkkelen til å skapa grøne arbeidsplassar i framtida. Merk dykk også at selskapet CIP planlegg eit storstilt hydrogenfabrikk i Øygarden, minna han om.
Verdas første hydrogenproduksjonsanlegg med integrert CO2-lagring vart opna i Energiparken i Øygarden i oktober 2023.
- Eg er utruleg stolt av å vera ordførar med tanke på alt det som vert skapt i kommunen. Vi må bruka all tilgjengeleg teknologi for å skapa arbeidsplassar. Eg håpar de brukar desse dagane til å vedlikehalda nettverk og skapa nye nettverk, sa ordføraren.
Tekst og foto: Vigleik Brekke