Ønskjer å etablera Framtidssamfunnet

Formannskapet drøfta tysdag oppfølgingssaka om Framtidssamfunnet og tilrår samrøystes at Framtidssamfunnet vert etablert frå hausten 2024 og at det formelt vert lagt til kommuneorganisasjonen og i oppgåveportefølja til næringssjefen.

Direktør i PwC, Robert Rastad, orienterte om Framtidssamfunnet. - Klikk for stort bileteDirektør i PwC, Robert Rastad, orienterte om Framtidssamfunnet.

Tilrådinga er i hovudsak i samsvar med innstillinga frå kommunedirektøren, men etter framlegg frå Høgre, Frp, KrF og Sotralista-TVØ tilrår formannskapet at Framtidssamfunnet skal etablerast som eit prosjekt med formannskapet som styringsgruppe. Ordførar set dagsorden i framtidskomiteen. Ordførar, varaordførar, leiar for det største opposisjonspartiet og kommunedirektøren vert oppnemnd som kommunen sine representantar i framtidskomiteen.

I tilrådinga vert kommunedirektøren beden om å koma tilbake med ei sak hausten 2024, der framlegg til ny partnarskapsavtale med Vest Næringsråd vert lagt fram. Prosjektet skal evaluerast to år etter etablering
Sentrale oppgåver for Framtidssamfunnet som organisasjon vil vera å sikra ein god arena for diskusjon, og å vera ein fasilitator og pådrivar for prosjekt og aktivitetar.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Tilrår anskaffingsstrategi

Det er utarbeidd ein strategi for anskaffing 2024-2027. Formannskapet tilrår at kommunestyret vedtek anskaffingsstrategien slik han ligg føre. 

Det er lagt til grunn fire strategiar kommunen skal arbeid etter i strategiperioden. Det er at anskaffingar skal bidra til betre behovsdekning og møta framtidas behov. Kommunen skal anskaffa effektivt og på måtar som gjev størst mogleg verdi. Det skal og sikrast oppfølging av kontraktar og leverandørar, og det skal vera fokus på klima, miljø og samfunnsansvar.

Etter framlegg frå Høgre, KrF, Frp, Sotralista-TVØ vart det tilrådd samrøystes eit ekstrapunkt om at ein ber om at oppfølging av innkjøpsstrategien vert rapportert i den årlege årsmeldinga til kommunen.
Årleg kjøper Øygarden kommune varer og tenester for om lag 570 millionar kroner gjennom driftsbudsjettet. 
Kommunestyret gjer endeleg vedtak.

Vil avvikla næringsføretak 

Formannskapet tilrår å avvikla Øygarden næringsutvikling KF med verknad frå 1. juli 2024.  
Øygarden kommune har lyst ut stillinga som næringssjef. Det skal også etablerast eit næringsnettverk og få på plass eit overordna årshjul for næringsaktivitetar på tvers av fag og aktørar. Ein konsekvens av dette er å avvikla næringsføretaket. Kommunedirektøren skriv også i saksutgreiinga at denne saka må ein sjå i samanheng med etablering av Framtidssamfunnet.

Oppfølging av kvartalsrapport

Formannskapet tilrår å slutta seg til kommunedirektøren si vurderingar i saka om oppfølging av kvartalsrapport 1. kvartal 2024. Eventuelle budsjettjusteringar vert behandla i kvartalsrapporten for 2. kvartal. 

Høgre, Frp, KrF og Sotralista-TVØ fekk full tilslutnad til eit tilleggspunkt om at ein legg til grunn at administrasjonen følgjer opp gjeldande budsjettvedtak. Disponering av meir inntekter vil bli vurdert i samband med behandling av rapport for 2. kvartal.

Per april er netto driftsresultat 27 millionar kroner betre enn budsjett så langt i år. Dette skuldast høgare skatteinntekter, rammetilskot og eigedomsskatt.

Men den underliggjande drifta etter tiltak viser eit meirforbruk på 25 millionar kroner. Kommunedirektøren har gått gjennom drifta og synleggjort ytterlegare innsparingar på totalt 28,5 millionar kroner. Men for å ta inn eit så stort beløp, må det gjennomførast eit kutt på rundt 50 millionar kroner på årsbasis. 

I staden for å gå til inngripande tiltak no, tilrår kommunedirektøren at kommunen brukar meirinntekter på kort sikt og omstiller organisasjonen på lang sikt. 

Saka går til kommunestyret.

Frå møtet i formannskapet 11. juni - Klikk for stort bileteFrå møtet i formannskapet 11. juni

Frårår å busetja einslege mindreårige flyktningar 

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) har oppmoda Øygarden kommune å auka talet på busetjingsplassar for einslege mindreårige. I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren at Øygarden kommune ikkje finn rom til busetja einslege mindreårige under 15 år i 2024.

Formannskapet sluttar seg til den vurderinga og frårår å busetja mindreårige under 15 år i 2024. Dersom Øygarden kommune skal busetja einslege mindreårige flyktningar under 15 år legg ein til grunn ei styrking av tilskot frå staten slik saka gjer greie for. 

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret. 

Startar forhandlingar om utbyggingsavtalar Ågotnes

Formannskapet tilrår at kommunen går i forhandlingar med aktuelle utbyggjarar på Ågotnes om utbyggingsavtalar med sikte på å løysa rekkjefølgjekrav om utbetring det smale strekket langs Landrovegen. Det skal leggjast opp til eit spleiselag, der utbyggingsavtalene til saman må dekkja kostnadene som ikkje vert dekt gjennom Miljøløftet.

I tilrådinga til kommunestyret heiter det også at kommunedirektøren skal kunngjera oppstart av forhandling om utbyggingsavtalar med aktuelle utbyggjarar i medhald av plan- og bygningslova. Ferdig forhandla avtalar skal leggjast fram for kommunestyret når siste aktuelle reguleringsplan inn i spleiselaget er vedtatt.
Miljøløftet har løyvd om lag 66 millionar kroner til utbetring av strekninga under føresetnad av at finansiering av strekninga vert eit spleiselag mellom Miljøløftet og utbyggjarar i området.

Vil ha forhandling om lokal båtrute

Etter framlegg frå Høgre, Frp, KrF og Sotralista-TVØ tilrår formannskapet at administrasjonen går i dialog med Vestland fylke for å framforhandla en ny avtale om båtruta til Geitanger.

Fylkeskommunen har sett som krav for vidare drift av båtruta at kommunen held fram med å dekkja 50 prosent av kostnadene med kontrakten. Ein eventuell ny avtale vil gjelda frå juli 2026.

Framtidig organisering av bustadsosialt arbeid

Formannskapet tilrår at kommunedirektøren startar opp med gjennomføring av tilrådingane som skissert i saka og vedlagt sluttrapport. 

Etter framlegg frå Høgre, Frp, KrF og Sotralista-TVØ vart det tilrådd at etablering av bustadkontoret vert gjennomført som eit toårig prosjekt under føresetnad for at kommunen har tildelingsrett også for bustadene til Bustadstiftinga. Gjennomføringa av prosjektet vert rapportert gjennom kvartalsrapportar.

I tilrådinga vert kommunedirektøren beden om å gå i dialog med Bustadstiftinga for å inngå ein samarbeidsavtale der kommunen overtek tildelingar av alle kommunale utleige- og omsorgsbustadar eigd av Bustadstiftinga. Dersom dette ikkje lukkast, skal saka tilbake til formannskapet.

Kommunestyret gjer endeleg vedtak.

Andre saker

Rekneskap og årsmeldingar

Det vart tilrådd å godkjenna rekneskap og årsmelding 2023 for Øygarden kommune, Øygarden næringsutvikling KF og Øygarden bustadutvikling. Sakene går vidare til kommunestyret.

Rebudsjettering av investeringar

Formannskapet tilrår rebudsjettering av investeringar frå 2023 til 2024 finansiert med ubrukte lånemidlar og momskompensasjon og budsjettering av investeringar 2024.

Stiftar Trigger Holding AS

Formannskapet vedtok å stifta Trigger Holding AS ved at alle aksjar i Trigger Jobb AS vert skote inn som tinginnskot.

Vil gje tilskot til velforeining

Formannskapet tilrår å gje eit tilskot på 340 tusen kroner til Bjorøy og Tyssøy velforening til opprusting og vedlikehald av grendehuset på Bjorøyna. Tilskotet vert finansiert ved bruk av disposisjonsfond. Det ubundne investeringsfondet «Fastlandssambandet Bjorøy-Tyssøy» vert overført til eit generelt investeringsfond og brukt til kommunale investeringar. 

Høyringsuttalar

Formannskapet vedtok høyringsuttale til statlege planretningslinje for arealbruk og mobilitet, slik det går fram under vurdering i saksframlegget. Etter framlegg frå Høgre, Frp, KrF og Sotralista-TVØ vart det vedteke eit tilleggspunkt om at Øygarden kommune ser det som viktig at det er lokalt og regionalt handlingsrom i plansaker. I gode prosessar i kommunar og fylkeskommune og mellom forvaltningsnivåa, vil ein finna løysingar som tek omsyn til ulike mål og interesser. Kommunen er samd i at differensiering er ein viktig del av lokal og regional planlegging. Retningslinjene i kapittel 5 bør og vera opne for distriktsområde som er part i byvekstavtalar.

Det vart med ti mot eí røyst (INP) vedteke høyringsuttale til statleg planretningslinje for klima og energi, slik det går fram under vurdering  i saksframlegget


Tekst og foto: Vigleik Brekke