- Ønskjer å koma i kontakt med ungdom

Det var godt med folk i fotballhallen i Straume idrettspark på den første dagen på OTD Bergen 2024. Øygarden kommune har eigen stand saman med Vest Næringsråd. Dette er første gong den nytilsette næringssjefen Marianne Furheim deltek på OTD.

Frå venstre; Marianne Furheim, Anders Ekanger, Kari-Anne Landro, Rikard Ledang (Sotra Gruppen) og Svein Otto Jacobsen. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Marianne Furheim, Anders Ekanger, Kari-Anne Landro, Rikard Ledang (Sotra Gruppen) og Svein Otto Jacobsen.

Vi møtte henne saman med gode kollegaer i kommunen og Vest Næringsråd onsdag føremiddag. 

- Eg vil gjerne koma i kontakt med ungdom for å få kunnskap om kva dei tenkjer om framtida. Kva ønske har dei når det gjeld utdanning og kva snusar dei på, seier næringssjefen.

Onsdag føremiddag var dagleg leiar i Vest Næringsråd, Kari-Anne Landro, kommunikasjonsansvarleg i næringsrådet, Anders Ekanger, Svein Otto Jacobsen (leiar i kommuneplanutvalet) og ordførar Tom Georg Indrevik på plass.

- For meg er det viktig å verta kjend med og koma tettare på dette miljøet. Vi har jo eit sterkt olje- og gassrelatert miljø i Øygarden. Det er eit signal i seg sjølv at det vert arrangert ei slik messe her ute. Det er kjempepositivt for Øygarden kommune at det skjer mykje i næringa og at vi får vera med på det grøne skiftet, seier Marianne Furheim.

Marianne Furheim i samtale med Jan O. Hellevang i GCE Ocean Technology. - Klikk for stort bileteMarianne Furheim i samtale med Jan O. Hellevang i GCE Ocean Technology.

Også Geir Nordahl-Pedersen var innom standen til Øygarden kommune onsdag. Han stod i bresjen for den første messa for eit par tiår tilbake.

- Vi starta opp med dette for å hjelpa mindre leverandørar til å få kontakt med dei store aktørane. Det er fint at profesjonelle aktørar har teke over, seier han. 

Her er fleire bilete:

Gode hjelparar frå Sotra Spoortsklubb - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Tom Georg Indrtevik, Kari-Anne Landro, Geir Nordahl-Pdersen og Marianne Furheim - Klikk for stort bilete
CCB/CCB Subsea AS hadde også stand på OTD - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Marianne Furheim i samtale med Stian Mikkelborg i CCB Subsea AS - Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke