Ønskjer å leggja om til heildøgnsplassar

Formannskapet samla seg om at omlegginga frå omsorgsbustader til heildøgnsplassar på Straume bu- og servicesenter startar opp snarast råd. Det heiter det i tilrådinga frå møtet tysdag. Saka vert endeleg avgjort i kommunestyret onsdag denne veka.

Gruppemøte (Høgre, Frp, Sotralista -TVØ og KrF) før avrøysting om saka om etablering av heildøgnsplassar - Klikk for stort bileteGruppemøte (Høgre, Frp, Sotralista -TVØ og KrF) før avrøysting om saka om etablering av heildøgnsplassar.

Etter planen er det 28 plassar som skal verta heildøgns omsorgsplassar. I saka hadde kommunedirektøren gått inn for at arbeidet med omlegginga skulle startast opp i 2025. I drøftinga i formannskapet var det fleire som tok til orde for at arbeidet burde startast opp tidlegare. Etter eit gruppemøte føreslo Høgre, Frp, Sotralista-TVØ og KrF at arbeidet med omlegging skulle startast opp snarast råd. Dette punktet vart samrøystes tilrådd. 

I tilrådinga heiter det i punkt to at i den samanhengen vert det budsjettert med to millionar kroner for neste år til oppretting av ei nattevaktordning samt til å styrkja bemanninga på dag eller kveld slik det går fram av saka. Punkt to vart tilrådd med sju mot fire røyster (A, SV og Industri- og næringspartiet (INP)).

Tilrår oppstart av oppgradering av Grønamyrvegen

Formannskapet tilrår å starta arbeidet med utbetring av Grønamyrvegen innanfor eit budsjett på 70,4 millionar kroner. Utbygginga vert finansiert med midlar frå Miljøløftet og momskompensasjon. 

Denne oppgraderinga er ei del av reguleringsplanen for Straume sentrum. Kommunedirektøren skriv i utgreiinga at utbygginga vil gje eit stort løft til regionsenteret på Straume ved at ein får gjort om ei anonym bakgate til ei framtidsretta miljøgate som innbyr til aktivitet.  Saka går til kommunestyret.

Utsette tre saker

Ei av sakene til formannskapet på dette møtet var planane om å etablera Framtidssamfunnet. Dette skal vera ein arena der det offentlege, næringslivet, akademia og det frivillige saman skal skapa innovative og framtidsretta løysingar for morgondagens behov. I organiseringa av næringsutviklinga er det lagt til grunn at Øygarden næringsutvikling KF (ØNU) vert fasa ut ved etableringa av Framtidssamfunnet og at dagleg leiar i ØNU vil få tilbod om stillinga som næringssjef i Øygarden kommune og arbeida som prosjektleiar for å etablera Framtidssamfunnet.

I debatten vart det gjeve støtte til å få sett fokus på dette feltet. Men fleire sakna betre politisk forankring av Framtidssamfunnet.

Etter gruppemøte føreslo ordførar Tom Georg Indrevik å utsetja saka om Framtidssamfunnet, saka om partnarskapsavtale med Vest Næringsråd og saka «Øygarden 2040 – langsiktig driftsanalyse og investeringsplan». Tema knytt til desse sakene vert drøfta under folkevaldopplæringa i midten av januar. Det vert teke sikte på at sakene kjem til endeleg behandling i kommunestyret i februar. 

Tilrådingane om å utsetja desse dei sakene var samrøystes. Kommunestyret tek endeleg avgjerd.

Kommunedirektør Johnny Breivik (til venstre) og Kurt Andreassen (styreleiar i Øygarden næringsutvikling KF) orienterte om Framtidssamfunnet. Til høgre; dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF, Hanne Misje Lokøy. - Klikk for stort bileteKommunedirektør Johnny Breivik (til venstre) og Kurt Andreassen (styreleiar i Øygarden næringsutvikling KF) orienterte om Framtidssamfunnet. Til høgre; dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF, Hanne Misje Lokøy.

Tilrår å etablera parkeringsplass knytt til Pyttane

Formannskapet tilrår å kjøpa grunn og etablera parkeringsplass ved Pyttane innanfor ei kostnadsramme på totalt 2,7 millionar kroner. For å finansiera prosjektet vert det tilrådd  å omprioritera 2,7 millionar kroner frå teknisk servicebygg til etableringsplass ved Pyttane. 

Pyttane er eit populært turmål, men det er ikkje lagt til rette for parkering på Ekrhovda. Det er aktuelt å etablera parkeringsplassen på riggplassen for eit område tiltenkt eit prosjekt med ny vassforsyning. Parkeringsplassen kan vera klar til bruk i mai 2024. 

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Tilrår å godkjenna tilleggsavtale med Solsio Utvikling AS

Det vart tilrådd å godkjenna tilleggsavtale med Solsio Utvikling AS. 

Solsio Utvikling AS har i eksisterande avtale forplikta seg til å gjennomføra ei rekkje tiltak for kommunen. Kostnadene selskapet har hatt med dette er vesentleg større enn kontantbidraget dei skal betala for dei byggetrinna som er sett i gang. Samstundes har marknaden og byggjekostnadene endra seg. Byggjekostnadene og renta har auka. Det er på bakgrunn av dette at kommunedirektøren har innstilt på å gje Solsia Utvikling AS eit mellomoppgjer for dei betalte kostnadene. 

Kommunestyret avgjer saka.

Vil delta i pilot for nærtenestesenter

Det vart tilrådd at kommunen søkjer om at dei tre innbyggartorga og biblioteka deltek i ein pilot for nærtenester i regi av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Kommuneadministrasjonen utformar og sender søknaden innan 31. desember.

- Ved å delta i denne piloten kan Øygarden ta ei aktiv rolle med å tilby eit betre tilbod for innbyggjarane våre som treng kontakt med statlege etatar som til dømes NAV, Husbanken og Skatteetaten. Ei deltaking i denne piloten vil støtta arbeidet med innovasjon av offentlege velferdsløysingar i Øygarden, skriv kommunedirektøren i saksutgreiinga.


Tekst og foto: Vigleik Brekke