Ønskjer eigne retningslinjer

Eldrerådet ber om at det vert utarbeidd ei eiga sak der det vert utarbeidd eigne retningslinjer for tildeling av omsorgsbustader. Retningslinjene må vera meir omfattande enn dei som ligg på nettsidene til kommunen i dag.

Frå møtet 7. november, leiar Egil Haaland og nestleiar Berit Anita Knudtsen Larsen - Klikk for stort bileteFrå møtet 7. november, leiar Egil Haaland og nestleiar Berit Anita Knudtsen Larsen.

Det var i samband med saka om retningslinjer for tildeling av kommunal bustad at denne uttalen vart vedteken. Både leiar Egil Haaland og Jan Utkilen fremja forslag i saka. Desse to forslaga vart samordna.

I dei framlagte retningslinjene vert det bedt om ei endring i punkt 4 under kriterium om at søkjar på søknadstidspunkt må «ha eit manglande, eller utilfredsstillande bu-forhold og som av sosiale, helsemessige eller økonomiske tilhøve er vanskelegstilte på bustadmarknaden.»

Elles ber eldrerådet om at «Bu trygt heime-reforma» må leggjast til grunn for retningslinjene for tildeling av bustadtypar som er omfatta av omsorgsbustadene. Det må utarbeidast retningslinjer som legg spesiell vekt på buevna, herunder mellom anna bevegelsesevne, syn, høyrsel m.m. Eldrerådet 

Gav innspel til trafikktryggleiksplan

Eldrerådet gav fleire innspel til trafikktryggleiksplanen før sjølve skrivearbeidet med planen tek til. Planen  skal vera kommunen sitt styrande verktøy i arbeidet med trafikktryggleik. Planen erstattar dei gamle trafikktryggleiksplanane for kommunane Sund, Fjell og Øygarden.

Eldrerådet ver om følgjande vert teke omsyn til i planen:

  • Sparkesyklar og andre lause gjenstandar skal ikkje vera til hinder for gåande
  • Veglys må aldri bli eit sparetiltak. Det er mange smale vegar i kommunen vår, og veglys er ein føresetnad for å kunna gå trygt. Det gjev både fotgjengarar og køyrande større moglegheit for å unngå samanstøyt.
  • Fortaua og gangvegane må haldast fri for snø og is. 
  • Kampanjar for bruk av refleksvestar/refleks, både for barn og vaksne, må gjentakast årleg.
  • Overgangsfelt må vera godt opplyst. 
  • Der det er nødvendig å kryssa hovudveg for å koma til busstopp, må fartsgrensa setjast til maks 60 kilometer i timen, og det må vera fotgjengarovergang
  • Trafikksikra den kommunale vegen frå Nordre Eidesvågen til fylkesvegen Vestsidevegen med gang og sykkelsti,  grunna mykje tungtransport frå Eide industriområde.
  • Sikra overgangen frå gang og sykkelstien på vestsida av fylkesvegen 560 på Fjell gard og parkeringsanlegget til Fjell festning.
  • Sikra alle born og unge trygg skuleveg.


Under open handlingstime – innspel til eldrerådet orienterte Berit Anita Knudtsen Larsen om matlevering og transporttilbod. Merknadene vart teken til etterretning. Gunn Glimsdal informerte om arbeidsgruppe om romprogram for nye institusjons- og omsorgsplassar.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


 

Tekst og foto: Vigleik Brekke