Dag Olav Bjorøy (til venstre) og Trond Angeltveit har klare tankar om framtida. Tysdag kveld deltok dei på arbeidsmøte på Ågotnes om arealdelen til kommuneplanen.Møtet på tysdag var det første av tre møte der innbyggjarane er inviterte til å møta opp på dei tre kommunedelsentera, Ågotnes, Rong og Skogsskiftet. Onsdag kveld (25. september) er det møte på kulturhuset på Rong, og tysdag 1. oktober er det samling på aktivitetssenteret i Skogsskiftet.
Dei to karane på det nedste bordet i foajeen på Tranevågen ungdomsskule fann fram pennen og markerte kva som var viktigast når det gjeld mobilitet og trygg ferdsel. Dette var eitt av fleire tema som vart drøfta då deltakarane flytta seg frå bord til bord.
- Det viktigaste er at vegstubben mellom Kårtveitskiftet og Polleidet vert rusta opp. Dette er ein flaskehals. Dei to neste punkta vi har notert ned er utbetring av Landrodalen og Vindenesveien, seier Dag Olav Bjorøy.
Trond Angeltveit er grunneigar i området og vedgår at det ein av grunnane til at han møter opp denne kvelden.
- Eg er klar over at det er eit stykkje fram til det vert avklart kva farge det aktuelle området vil få, men det er viktig å følgja prosessen, seier han.
Både Dag Olav og Trond har einebustader og ønskjer å bu der så lenge dei klarer å vedlikehalda bustaden.
- Eg vil ikkje ha eit hus eg ikkje kan halda i stand, seier Trond.
- Vi vil gjerne ha gangavstand til dei viktigaste tilboda som butikk, doktor og apotek. Då har vi det vi treng. Spørsmålet er kva kommunen vil gjera for at vi framleis kan bu her, seier Dag Olav.
Anja Mikkelsen (til høgre) vil gjerne ha ei godt oppmerkt turløype. På biletet ser du også Hilde Kristin Egeland og Gunnar Hannisdal.Lett tilgang til natur
På eit anna bord møter vi ei engasjert Anja Mikkelsen. Temaet er lett tilgang til natur. I gruppa vert Vardøysundet, Spjeldsfjellet, Kvednavatnet nemnde som attraktive turmål.
- Vi treng ei godt oppmerkt rundløype med ei viss lengde. Eg tykkjer det er vanskeleg å finna ei god løype der eg kan gå i naturen, seier ho.
Eit anna tema denne kvelden var ressursgrunnlag og småskala næring.
- Eg ønskjer gjerne å sjå 50 år fram i tida. Korleis vil vi ha det i tida etter olje- og gassalderen? spør Andreas Ormevik som også er medlem i kommuneplanutvalet. Han var ein av fleire medlemer i utvalet som var på plass denne kvelden.
- Noko form for industri må vil jo ha, seier ei av kvinnene rundt bordet.
Fleire peika på behovet for god infrastruktur. Ikkje minst gjeld det vegstrekninga mellom Kolltveit og Ågotnes.
- Denne vegen må ein gjera noko med, og det må takast ei avgjerd. Fylkesveg 561 skulle absolutt vore bygd ut, sa Svenn Martinsen.
Dei to komande arbeidsmøta vert haldne slik:
- 25. september kl. 18.30: Kulturhuset, Rong
- 1. oktober kl. 18.30. Aktivitetssenteret, Skogsskiftet
Frå plan og analyse i Øygarden kommune deltok Lisbeth Selstø, Eli Fosso, Kristina Espeseth og Lena Svalastog Garnes. Dei presenterte arbeidet med arealdelen til kommuneplanen og kva som skal skje i tida som kjem. Planen vert truleg vedteken før sommarferien 2027.
Det er mogleg å koma med innspel digitalt, e-post eller pr. brev. Les meir her. Fristen er 13. oktober.
- Alle skal verta høyrde, men ikkje alle får viljen sin, sa leiar i kommuneplanutvalet, Svein Otto Jacobsen, slik han har for vane å gjera på desse møta.
På nettsida kan du lesa meir om dette arbeidet og korleis du kan koma med innspel til arbeidet med arealplanen.
Her er fleire bilete:
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Kristina Espeseth og Vigleik Brekke