Frå gruppearbeidetTidlegare i år er det gjennomført rekkje innspelsmøte/arbeidsverkstader som er haldne i lokalsenter og kommunedelsenter. Det er kome inn 57 enkeltinnspel og 25 e-postar/gjestebod-innspel. Det også gjennomført barnetråkk i fire skular der 101 elevar deltok.
Samfunnsplanleggjar Eli Janette Fosso presenterte hovudinnhaldet i rapporten. (Rapporten ligg under nedtrekksmeny “Kva er gode bygder og stader i Øygarden?”.)
Ho refererte til eitt konkret innspel som seier noko om kva folk er opptekne av.
- For at eg skal bli buande, eller rettare sagt ønske for å verta buande, vil eg ha kontakt med folk i lokalsamfunnet og at eg kan koma meg til butikk, lege, fysioterapi, apotek, kyrkje og bedehus. Eg ønskjer utsikt over fjorden.
I rapporten er innspela sorterte under ein del kjernespørsmål:
- Kvifor bur vi i bygda
- Kva særpregar bygda?
- Korleis ønskjer dei som bur i bygda å bu i framtida
- Kva krevst for at du skal kunna verta buande i bygda di, eller kanskje flytta tilbake?
Bur midt i naturen
Til det første spørsmålet kjem det fram at heimplassen, tilknyting til bygda, røter og slekt betyr mykje. Folk vil gjerne ha fred, ro, eit roleg, trygt og godt liv.
- Mange skriv at «dei bur midt i naturen», sa Fosso.
Dei orda/utrykka som går mest igjen i innspela frå innbyggjarane er gardbruk, landbruk, landskap, natur, sjø, hav og fjord. Også samhald, naboskap og dugnad er ord som går igjen frå innspelstekstane.
Det er i rapporten også stilt spørsmål om korleis ønskjer folk å bu i framtida. Eldre ønskjer å bu i den bygda dei har budd og vakse opp i. Andre ønske er klyngetun, bufellesskap og at det vert mogleg å byggja i gardstunet. Andre prioriterte ønske er at det vert lagt til rette for enkle små bustader på eitt plan og spreidd busetnad.
- Alle fasar av livet
Det er også stilt spørsmål om kva som krevst for at folk skal verta buande i bygda eller flytta tilbake. Det handlar i stor grad om tenestetilbodet som nærskule/skulen som møteplass og barnehagetilbod. Framtidig bruk av kommunale bygg og uteområde må avklarast. Grendehus eller tilsvarande som møtestad er viktig. Nærbutikken kan også vera ein møtestad.
- Kommunen må vera til stades i alle fasar av livet, er ei formulering frå innspela.
I rapporten er det også presentert viktige landbruksområde i Øygarden, område i Øygarden med viktige naturverdiar og område som er viktige for kvardagsaktivitetane og friluftslivet til innbyggjarane.
Gruppearbeid
Kommuneplanutvalet arbeidde i grupper der dei vart bedne om å lista opp dei dei meinte var dei viktigaste punkta frå innspela om kvifor det er godt å bu på bygda. Tilbakemeldingane gjekk på lågare tempo, tenestetilbod og bustad for alle og identitet, samhald og tilhøyrsle. Andre viktige moment frå innspela var ønske om større fridom ved bygging/etablering, kontakt med nærmiljøet, tilgang til natur og sjø, godt naboskap og ro og fred.
Kartforteljing
På møtet var det også presentasjon av ny kartforteljing som viser kva verdiar vi skal ta vare på i bygdene.
Tekst og foto: Vigleik Brekke