Ønskjer opptrappingsplan for aksjonssenteret

Råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF) vedtok onsdag eit tillegg til innstillinga i saka om evaluering av aksjonssenteret der det vert peika på kor viktig det er at arbeidet med aksjonssenteret vert trappa opp.

Frå møtet i RFF 29. mai. - Klikk for stort bileteFrå møtet i RFF 29. mai.

I tilleggspunktet vert det vist til at det er mange innbyggjarar i kommunen som vil ha god nytte av tilbodet, særleg brukargruppa som RFF representerer. RFF ber om å få opptrappingsplan for aksjonssenteret som orienteringssak.

Elles tok RFF saka om aksjonssenteret til orientering. Kommunedirektøren vert beden om å vidareføra intensjonane for aksjonssenteret i det pågåande arbeidet med omstilling av tenestetilbodet innan helse og velferd.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

I saka skriv kommunedirektøren at det er for tidleg å trappa opp aksjonssenteret i samsvar med 
tidlegare politiske vedtak. Han skriv at intensjonane om at aksjonssenteret skal verta eit kompetanse- og responssenter for noverande og framtidig  velferdsteknologi ikkje er realisert på noverande tidspunkt.

- Det er behov for å arbeida vidare med både organisering og teknologiske løysingar før plan om opptrapping vert realisert, går det fram av saksutgreiinga.

Vil at RFF skal vera brukar- og pårørandeutval

Rådet tilrår at RFF skal vera brukar- og pårørandeutval frå 1. juli 2024.

Kommunedirektøren har innstilt på at brukar- og pårørandeutvalet innan omsorgstenesta vert lagt ned med verknad frå 1. juli 2024. Han har vidare rådd til at RFF frå 1. juli i år skal ta i vare arbeidet som var lagt til brukar- og pårørandeutvalet innan omsorgstenesta.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Medverkar i arbeidet med lokalsenter- og bygdestrategiar

I samband med arbeidet arealdelen til kommuneplanen vert det i desse dagar gjennomført  innspelsmøte i dei sju lokalsentera i kommunen. Det er utarbeidd ei eiga sak som handlar om korleis dei tre råda (ungdomsrådet, råd for personar med funksjonsnedsetjing og eldrerådet) kan engasjera i arbeidet med lokalsenter- og bygdestrategiar.

RFF sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren der det heiter at råda mobiliserer dei målgruppene dei representerer til å delta på innspelsmøta som blir arrangert i lokalsentra våren 2024. Råda inviterer og mobiliserer sine målgrupper til å gjennomføra gjestebod. Hausten 2024 presenterer administrasjonen funn frå medverknadsarbeidet i råda. Råda gjer uttale til kunnskaps-/drøftingsgrunnlaget før politisk handsaming og vedtak av prinsipp for arealbruken i lokalsentera. Frist for å senda innspel som gjeld lokalsentera er sett til 23. juni 2024.

Andre saker

Ny forskrift om politivedtekter

Rådet har ingen innspel til ny forskrift om politivedtekter som ligg ute til høyring.

Framtid organisering av bustadsosialt arbeid

Det vert også tilrådd å starta arbeidet med framtidig organisering av bustadsosialt arbeid i Øygarden kommune slik det går fram av saka. Det er tilrådd å etablera eit bustadkontor som eit to-årig pilotprosjekt. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.
 

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

Tekst og foto: Vigleik Brekke