Ønskjer samarbeid om matebussystem

- Vi er optimistiske og har tru på at det om relativt kort tid kan etablerast eit nytt lokalt rutebusstilbod på Litlesotra som er kopla opp mot kollektivknutepunktet på Straume. Det seier ordførar Tom Georg Indrevik etter eit møte med samferdsleleiinga i fylkeskommunen og Skyss.

Frå venstre; Gudrun Einbu, Målfrid Vik Sønstabø, Jostein Fjærestad og Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Gudrun Einbu, Målfrid Vik Sønstabø, Jostein Fjærestad og Tom Georg Indrevik.

Ordføraren viste til at kommunen har mange minibussar og at ein aktør har kome med tilbod om eit matebussystem i straumeområdet. Det er mange som har sitt daglege arbeid i dette området, men det er ei utfordring å koma seg fram raskt og effektivt mellom bussterminalen og arbeidsplassen.

Fylkeskommunen har nyleg vedteke Mobilitetsplan vest. Det er eit strategisk og fagleg rammeverk for transport og mobilitet dei neste 10 åra. No vert det arbeidd med å utarbeida ein tiltakspakke.

Bakgrunnen for møtet tysdag denne veka var korleis ein skal møta utfordringar og utvikla transporttilbodet i området her vest i tida før det nye sotrasambandet er klar til bruk 1. juni 2027 og tida etter at det er opna. Ordføraren viste til at trafikken på Sotrabrua no har eit årsdøgntrafikk på mellom 33 og 34 tusen. Dette er langt over det brua er bygd for. For å unngå at trafikken stoppar heilt opp, må fleire av dei reisande over frå bil til buss.

- Vi har god dialog med Skyss og fylkeskommunen sjølv om vi ikkje alltid er samde. På dette møtet opplevde vi at fylket og Skyss ønskjer å samarbeida med oss om transport og mobilitet, seier Indrevik.

Ei felles arbeidsgruppe skal følgja opp aktuelle tiltak.

- Konkret har vi håp om å få sendt ein søknad om å få oppretta eit matebussystem på Litlesotra der rutetilbodet er kopla godt opp mot bussterminalen på Straume. Vi håpar at dette kan gjerast i samarbeid med Skyss og fylket. Dette nye tilbodet kan vi ha på plass i haust, meiner Tom Georg Indrevik.

Frå fylkeskommunen møtte konstituert avdelingsdirektør for mobilitet og kollektivtransport Jostein Fjærestad, direktør i Skyss Målfrid Vik Sønstabø og avdelingsleiar for transporttilbod Gudrun Einbu (Skyss). I tillegg til ordføraren møtte varaordførar Torill Selsvold Nyborg og leiar av utval for plan Svein Otto Jacobsen og Råmund Skjold og Elin Helland-Jooste frå administrasjonen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke