Leiar og nestleiar i eldrerådet; Egil Haaland og Berit Anita Knudtsen Larsen.I verbalpunktet frå fleirtalspartia vert det lagt til grunn at kommunen skal ha god kvalitet på omsorgstenestene og at det vert lagt fram ei sak som vurdera ulike forhold som grunnlag for framtidig organisering. Eldrerådet støtta eit framlegg frå Egil Haaland om at ein også skal leggja inn ei formulering om at «samarbeid med private om å utvikla bustader må sjåast i samanheng med å utvikla eldrekollektiv/klyngetun. Dei eigedomane som er aktuelle å selja i sak om «Sal av kommunale eigedomar» må vurderast til dette formålet.
Etter framlegg frå Jan Utkilen vedtok eldrerådet samrøystes eit tillegg om at gjennomføringsplan for «Meld. St. 24 (2022-23) Fellesskap og meistring – Bu trygt heime» skal bidra til eit meir aldersvennleg samfunn, at fleire eldre kan leva aktive liv lengre og oppleva tryggleik ved å bu i eigen heim.
Eldrerådet legg til grunn at pensjonistorganisasjonane og brukarorganisasjonar vert involverte i arbeidet med gjennomføringsplanen for kommunen.
Utover det støttar eldrerådet innstillinga frå kommunedirektøren.
Kommunestyret gjer endeleg budsjettvedtak 19. desember.
Nye heildøgnsplassar på Straume
Eldrerådet støttar at det vert bygd inntil 80 nye sjukeheimsplassar på det allereie vedtekne området ved Fjell sjukeheim. Rådet meiner at sjukeheimsplassane må ha same standard som på Øygarden lokalmedisinske senter (ØLMS) for å kunna ta hand om særs dårlege brukarar.
Vidare uttalar eldrerådet at kommunen er på etterskot når det gjeld å leggja til rette for bygging av nye omsorgsbustader. Arbeidet kan ikkje utsetjast til det ligg føre ein ny plan om fordelinga mellom sjukeheim og omsorgsbustadar.
- Kommunen må difor gå i dialog med private utbyggjarar om ei rask levering av omsorgsbustader slik at intensjonane i gjennomføringsplan for framtidige helse- og velferdstenester kan realiserast, heiter det i uttalen.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Friluftslivets år 2025
Eldrerådet sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren om at Øygarden kommune vert ein «Friluftslivets år 2025-kommune», og vil støtta opp om Friluftslivets år gjennom mellom anna å etablera og driva ein møteplass mellom kommunen, friluftslivsorganisasjonar og andre som arbeider for friluftslivet.
Kommunen vil bruka møteplassen til å skapa betre samhandling og koordinering med dei ulike aktørane, for på den måten å bidra til å nå måla for Friluftslivets år 2025, som er at folk skal; oppdaga nærnaturen sin, invitera kvarandre ut og prøva nye friluftslivsaktivitetar. Det er eit mål for kommunen at møteplassen vert vidareført etter Friluftslivets år.
Eldrerådet er positiv til at det vert meir fokus på fysisk aktivitet, bl.a. for eldre, og støttar forslaget om oppretting av møteplass.
Eldrerådet ønskjer meir aktiv bruk av naturen. For å leggja til rette for aktivitetar som er tilgjengelege for alle, uavhengig av alder, funksjonsevne og økonomi, må kvilebenkar og tilgjengelege toalett vera til stades. Midlar for dette må difor prioriterast.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Frå møtet 4. desember. Ordførar Tom Georg Indrevik (ståande) var invitert til møtet for å gje informasjon og drøfta aktuelle tema.Vil ha meir aktivitet på sentera
Eldrerådet behandla saka om «Status for aktivitetar for eldre i sentra - bruk av ubrukte midlar i 2025». Rådet viser til at det i budsjettet for 2024 vart sett av midlar for tiltak til eldre i sentra, og eldrerådet er difor forferda over at midlane ikkje er nytta slik som tenkt. Eldrerådet vil be om at ein del av midlane vert nytta til auka aktivitet ved sentera. Eldrerådet vil vidare be om pensjonistorganisasjonane og brukarorganisasjonar får koma med innspel til korleis midlane kan nyttast for dei komande åra.
Elles sluttar rådet seg til innstillinga frå kommunedirektøren der det vert bedt om at kommunedirektøren jobbar vidare med ei enkel tilskotsordning for transport til frivillige lag og organisasjonar. Målgruppa er eldre som treng noko støtte for å koma seg ut av heimen.
I tilrådinga til levekårsutvalet heiter det at det vert etablert eit dagaktivitetstilbod med fysisk trening for demente i Skogsskiftet, i tråd med gjennomføringsplan for framtidige helse- og velferdstenester, fram til 31.12.2025. Det er mål om innarbeiding i økonomiplan frå 2026. 80 tusen kroner skal brukast på Memento for å finansiera 47 samlingar i 2025 på møteplass for personar med hukommelse-utfordringar.
Saka vert avgjort av levekårsutvalet.
Skal jobba med informasjonstiltak
Eldrerådet drøfta ei sak om korleis kommunen betre kan nå ut til eldre med god og tilstrekkeleg informasjon.
Eldrerådet samla seg om at saka vert sendt ut til pensjonistforeininga og interesseorganisasjonane til uttale. Det vert tilrådd å utarbeida ein informasjonsplan som ein årsplan i samarbeid med eldrerådet som mellom anna skal behandla innspel som kjem etter høyringsrunden. Frå eldrerådet vert Gunn Glimsdal og Johnny Eide oppnemnd til utvalet som skal arbeida med informasjonsplanen.
Innspel frå pensjonistforbundet frå Fjell følgjer saka.
Her kan du lesa saksdokumenta til møtet.
Tekst og foto: Vigleik Brekke