Ønskjer tettare samarbeid med fylkeskommunen

Ungdomsrådet behandla tysdag sak om utgreiing av etablering av fleire plassar for alternativ opplæring i skulen. I eit tilleggspunkt ber ungdomsrådet om at det bør leggjast til rette for tettare samarbeid med fylkeskommunen for å sikra god overgang mellom ungdomsskule og vidaregåande skule for elevar som har delteke på alternativ opplæringsarena.

Frå møtet i ungdomsrådet 15. oktober. - Klikk for stort bileteFrå møtet i ungdomsrådet 15. oktober.

Elles slutta ungdomsrådet seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om at omfanget av kjøp av alternative opplæringstilbod vert vidareført på dagens nivå. Skulane vert stimulerte til å utvikla ein meir praktisk og variert organisering og undervisning i samsvar med nasjonale føringar. Vidare vert det teke initiativ til eit samarbeid med eksternt fagmiljø ( HVL ) om ei evaluering av den alternative opplæringa. Resultat av evalueringa vert lagt fram for levekårsutvalet.

Øygarden kommune har i mange år gitt mange elevar på mellom- og ungdomstrinnet ein meir praktisk skulekvardag gjennom kjøp av alternative opplæringsarenaer frå eksterne tilbydarar. Per i dag kjøper kommunen tenester frå 4 alternative opplæringsarenaer; TAM, Ulveseth Tunet, Leitet Gard og Kjellien.

I saka skriv kommunedirektøren at ein kombinasjon av både lokale tiltak på kvar enkelt skule og kjøp av eksterne tilbod ser ut til å vera den beste løysinga per i dag. 

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Kompetanseheving i barnehagar og skular

I denne saka omtalar kommunedirektøren kompetanseløftet i Øygarden som har tre hovudsatsingar. Det er «Språkkommunen Øygarden», «Nærvær og inkludering i barnehage og skule» og «Inkluderande spesialpedagogikk i barnehage og skule». Målet er at kommunen får god nok kompetanse til å gje ein inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle. 

Ungdomsrådet tok saka til orientering og slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren. Det inneber at levekårsutvalet vil følgja dei tre overordna satsingsområda for kompetanseheving i barnehage og skule vidare. Levekårsutvalet kan be om sak om ny utgreiing av den overordna satsinga for  kompetanseheving i barnehage og skule i Øygarden kommune på eit seinare tidspunkt.

Orienteringar

Det var orientering knytt til sakane om utgreiing av etablering av fleire plassar for alternativ opplæring i skulen og utgreiing av satsingsområde for kompetanseheving i barnehagar og skular. 
Det vart også orientert om saker frå oppvekst knytt til handlingsplanen, videoar om skjermbruk laga av ungdomsrådet og verktøyet «Inner Development Goals».


Tekst og foto: Vigleik Brekke