Ønskjer tilpassa bustader i Blomvåg

Plan- og miljøutvalet (PMU) tilrår at tomta ved Blomvåg skule vert nytta til bustader for menneske med behov for oppfølging. Utvalet var samla til møte torsdag.

Frå møtet i plan og miljøutvalet 6. juni. På talarstolen Josefine Gjertine Opdahl Hellesund (KrF). - Klikk for stort bileteFrå møtet i plan og miljøutvalet 6. juni. På talarstolen Josefine Gjertine Opdahl Hellesund (KrF).

Dersom Blomvåg skule/tomt ikkje kan nyttast til kommunale formål, ber PMU om at tomta vert regulert om til bustadformål. Ved begge utfall må eventuell etterbruk av delar av tomt/bygg til nærmiljøføremål avklarast. I vedtaket heiter det også at ved omregulering må det avklarast om tomta skal leggast ut for sal med eller utan bygningsmasse.     

Både Ap og fleirtalspartia (Høgre, Frp og KrF) hadde forslag i saka. Etter gruppemøte og samordning, enda det opp med eit fellesframlegg som fekk tilslutnad frå heile utvalet.

Bakgrunnen for saka er eit vedtak i utval for samfunnsutvikling i desember 2022 der administrasjonen vart beden om å arbeida vidare med mogleg etterbruk av Blomvåg skule. Det er tidlegare konkludert med at det ikkje er tenleg å bruka eksisterande bygg til bustader. 

I saksutgreiinga går det fram at eit alternativ til å etablera kommunale tenester på tomta er sal av tomtene. Blomvåg nærmiljøutval med fleire har meldt si interesse for å overtal ein mindre del av skulebygget og ein større del av uteområdet som nærmiljøanlegg. 

Vil samarbeida med fylkeskommunen om fylkesveg 

Utvalet tilrår at Øygarden kommune i samarbeid med Vestland fylkeskommune samarbeider om eit forprosjekt for å klargjera føresetnadene for vidare prosess om detaljregulering av ny fylkesveg 561 mellom Kolltveit og Ågotnes.
Bakgrunnen for saka er at Statsforvaltaren delvis har oppheva detaljregulering for ny fylkesveg på denne strekninga. Vedtaket er ikkje klaga av kommunen eller fylket. 

Fylkeskommunen er tydeleg på at det med deira budsjettrammer vil vera svært utfordrande/lite realistisk å makta å finansiera ny veg gjennom Midtmarka. I tillegg kjem utfordringane med å byggja veg gjennom urørt natur. Med tanke på bompengetrykket er det ei utfordring å innføra ytterlegare bompengefinansiering av strekninga mellom Kolltveit og Ågotnes.

I eit forprosjekt vil ein i utgangspunktet vurdera følgjande alternativ:

  • Eksisterande trase – oppheva plan. Kva skal til for å supplere oppheva detaljregulering med ny kunnskap om naturmangfald slik at dette stettar lovkrava?
  • Vurdera nye trasear som har mindre innverknad på natur og lågare kostnader.
  • Oppgradering av eksisterande trase.
  • O-alternativet, eksisterande trase vert ikkje utbetra – kva vil vera konsekvensen av dette?


Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Startar ikkje regulering for Ovågen Aust

Plan og miljøutvalet stadfestar tidlegare avgjerd om stans av oppstart av planinitiativ som gjeld endring av detaljregulering for Ovågen Aust.

Tiltakshavar ønskjer gjennom endring å leggja til rette for å etablera rorbuer i planområdet. I 2020 vart det godkjent oppføring av ni naust i rekkje, brygge/kai, flytebrygger og veg. I 2022 søkte tiltakshavar om bruksendring av ni naust til rorbuer i tillegg til utviding av naust. Kommunen avslo dispensasjon for bruksendring frå naust til rorbuer. Vedtaket vart klaga, klagen vart avvist, og Statsforvaltaren har stadfesta vedtaket i september 2023.

Kommunedirektøren meiner ei endring utfordrar strandsonevernet og at det vil føra til meir privatiseringa av området og meiner det ikkje er grunnlag for å tillata oppstart av endring frå arealformålet frå naust til næring.
Plan- og miljøutvalet sluttar seg altså til dette og stadfestar tidlegare vedtak om stans av oppstart av planinitiativ for detaljreguleringa i Ovågen.

Nei til offentleg ettersyn for detaljregulering for Vestrepollen

Plan og miljøutvalet følgjer innstillinga frå kommunedirektøren og avviser å leggja forslag til detaljregulering for Vestrepollen, Nordre Bjorøyna, med føresegner og planskildring, ut til offentleg ettersyn. Det vert vist til kommunedirektøren si vurdering for nærmare grunngjeving.

Planområdet er på om lag 138 dekar og ligg på nordvestsida av Bjorøyna. Planframlegget legg opp til etablering av private fritidsbustader og nokre fritidsbustader for utleige, naust og småbåtanlegg, hovudsakleg knytt til naustområda. I tillegg legg planen opp til fortetting med frittliggjande småhus, og regulerer grønstruktur som natur- og friområde på land og friluftsområde og ferdsel i sjø.

Kommunedirektøren meiner planframlegget utfordrar gjeldande KPA på fleire område.  Detaljreguleringa endrar arealformål i strandsona og legg opp til bygging innanfor funksjonell strandsone. 

Handlingsprogram for Miljøløftet

Utvalet slutta seg til Miljøløftet sitt handlingsprogram for 2025-2028 slik det ligg føre. For fireårsperioden ligg det inne fire prosjekt (investeringsmidlar) i Øygarden med ei totalramme på 173,7 millionar kroner:

  • Akse Straume sjøfront til gangbru Brattholmen - prosjekt for å utvikla Straumealmenningen, frå skule- og idrettsenter Bildøy gjennom Straume sentrum til gangbru over fylkesvegen ved Storskaret. 
  • Bildøyvegen/Straumsundet bru
  • Miljøgate Ågotnes - delstrekning 
  • Skogsskiftet sentrumsområde - gjeld utbetring av fylkesvegen gjennom sentrum.
     

Når det gjeld beløningsmidlar ligg det inne fem prosjekt på til saman 3,4 millionar kroner. Dette er:

  • Prosjekt «bysyklar i regionsenteret
  • Prosjekt sykkelparkering i regionsenteret
  • Prosjektstilling
  • Arefjordsvegen (forprosjekt)


I tillegg er det søkt om midlar til tre prosjekt og bedt om utbetaling i 2024. Det er innfartsparkering på Ågotnes, forprosjekt Straume sjøfront- gangbru Brattholmen og auka ramme til arbeid med trafikk- og mobilitetsanalyse Straume.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Opprustar kultursalen

Plan- og miljøutvalet vedtok oppstart av siste fase av opprustning av kulturhuset i Øygarden rådhus. Eigedomssjefen får fullmakt til å signera kontrakt med leverandørar for dei siste leveransane innanfor den vedteke budsjettramma på til saman 6,9 millionar kroner inklusive meirverdiavgift.  

Følgjer opp tilstandsvurdering av kommunale vegar

Tilstandsvurderinga av dei kommunale vegane i Øygarden viser at gjennomsnittleg tilstand er god, men det er eit vesentleg etterslep på vedlikehald, berekna til 157 millionar koner. Dei årlege drifts- og vedlikehaldskostnadene er berekna til 39,5 millionar kroner. I driftsbudsjettet er det sett av om lag 26,2 millionar kroner. Det er dermed eit finansieringsgap som må dekkjast for å unngå auke i etterslepet. 

Utvalet vedtok at nødvendige kostnader vert synleggjort og sett i samanheng med den komande budsjettsituasjonen.

Andre saker

  • Utvalet tilrår overfor kommunestyret å ta årsmelding for Miljøløftet 2023 til orientering.
  • PMU slutta seg til høyringsuttale til statlege planretningslinje for arealbruk og mobilitet, slik det går fram under vurdering i saksframlegget.
  • Utvalet tilrår overfor formannskapet å slutta seg til høyringsuttale til statleg planretningslinje for klima og energi, slik det går fram under vurdering  i saksframlegget


Her kan du lesa innkalling med saksdokument og her kan du sjå møtet i opptak på kommune-TV.


Tekst og foto: Vigleik Brekke