Opna dagsturhytte i ekte vestlandsver

Imponerande hundre personar fann vegen til Veten for å opna den tredje dagsturhytta i Øygarden.
Marit U. Nilsen vann namnekonkurransen, og ordførar Torm Georg Indrevik kunne sundag erklæra Vetenbua for offisielt opna godt assistert av speidarar som overnatta på Veten natt til sundag.

Vetenbua er namnet på den tredje dagsturhytta i Øygarden. - Klikk for stort bileteVetenbua er namnet på den tredje dagsturhytta i Øygarden.

Det var ikkje akkurat fullklaff når det gjeld veret på ein så stor dag som dette. Men mange brydde seg ikkje om regnet og vinden denne dagen. Dei kledde seg for ein strabasiøs tur og klauv opp til Veten frå ulike stader i den søre delen av kommunen.

Her vert hytta erklært for offisielt opna. - Klikk for stort bileteHer vert hytta erklært for offisielt opna.

Ordføraren låg i hengekøye, rett nok under tak, medan ni speidarar og vaksne overnatta i lavo.

- Vi har no tre slike hytter i Øygarden (Rambua, Larslibua og Vetenbua). Det er 70-80 dagsturhytter i Noreg, og eg har besøkt 21 av dei. Eg får sitera ein eg møtte i dag; Dagen i dag viser at vi treng dagsturhytter. Det kom inn 59 forslag på kva namnet skulle vera, sa ordføraren før han drog ned eit handklede som var dekt til over skiltet med namnet Vetenbua.

Hundre personar deltok på den offisielle opninga 3. september. - Klikk for stort bileteHundre personar deltok på den offisielle opninga 3. september.

Christel Brown i Strandatunet bygdelag fekk overrekt ein ryggsekk for innsatsen knytt til dagsturhytta.

To av dei som hadde funne vegen til Veten denne dagen var Hedda Hjørnevik Blikberg (8) som går i tredje klasse på Stranda skule og den tre og gamle broren, Sverre Hjørnevik Blikberg.

- Eg har aldri vore her før. Det var ei veldig fin hytte. Det var svært tungt å gå hit i dag, men eg vert gjerne med på ein tur seinare i fint ver, seier Hedda.

To av dei yngste som kjempa seg opp til Veten; Sverre Hjørnevik Blikberg og Hedda Bjørnevik Blikberg. - Klikk for stort bileteTo av dei yngste som kjempa seg opp til Veten; Sverre Hjørnevik Blikberg og Hedda Bjørnevik Blikberg.

Laila Klemetsaune viste til at det er turløyper til Veten frå ei rekkje bygder som Skogsvåg, Klokkarvik, Kleppe, Høyland, Forland, Steinsland, Stranda og Vorland.

- Her kjem du til fjells frå alle kantar, sa ho.

Vivian Steinsland framførte ein lokk og songen Vest i havet av Kåre Glesnes og Trond Veland.

Les meir om dagsturhytter her, (ekstern lenkje).

Her er fleire bilete:

Laila Klemetsaune og Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Frå venstre; Julia Valeska Woehlert (rådgjevar Øygarden kommune), Christel Brown (Strandatun bygdelag), May Britt Hansen (Strandatun bygdelag) og Tom Georg Indrevik). - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Vivian Steinsland - Klikk for stort bilete
Tom Goerg Indrevik og Vivian Steinsland - Klikk for stort bilete
Skodde - Klikk for stort bilete
Omn som brenn - Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke