Opna Energimessa med eit smell

Litt etter klokka 12 på torsdag small det kraftig på Sartor Storsenter. Med god hjelp frå Vil Vite Bergen markerte ordførar Tom Georg Indrevik opninga av Energimessa ved å tenna på ein ballong med litt sprengstoff i.

Kristian Lammestad Fleten frå VilVite Bergen hjelpte ordførar Tom Georg Indrevik til å få opna Energimessa med eit smell. - Klikk for stort bileteKristian Lammestad Fleten frå VilVite Bergen hjelpte ordførar Tom Georg Indrevik med å få opna Energimessa med eit smell.

Energimessa er ein mønstring der elevar frå barneskular, ungdomsskular og Sotra vidaregåande skule presenterer kunnskap, utforsking og refleksjon.

- Vi er FN, seier Amalie Selstø og Eline Hagenes ved inngangen til fleire standar.
Dei to elevane på Sund ungdomsskule, Amalie og Eline, orienterer om berekraftsmåla til FN og kva som er viktig for å sikra framtida.

- Vi er ikkje berekraftige utan økonomi, sosiale forhold og klima og miljø. Bak oss her er representantar frå mange land og organisasjonar som kan forklara deg korleis vi kan sikra berekraft, forklarar dei to elevane. 

Amalie Selstø (til venstre) og Eline Hagenes stod ved inngangen til fleire standar som handlar om FN og berekraftsmåla. - Klikk for stort bileteAmalie Selstø (til venstre) og Eline Hagenes stod ved inngangen til eit område med fleire standar som handlar om FN og berekraftsmåla.

I opningstalen sa ordførar Tom Georg Indrevik at han allereie hadde sett robotar og mykje anna kreativt skapt av elevane.

- Alle kan ikkje gjera alt, men alle kan gjera litt. Dette arrangementet har tidlegare vist at det er mogleg å laga framtidas løysingar. Her kan besteforeldre og andre sjå kva dei neste generasjonane lagar i stand. Eg vil også retta eit stor takk til arrangørane og dei tilsette, sa ordføraren på opningsmarkeringa.

Kommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta, seier at det det er rekordstor oppslutnad denne gongen med 15 deltakande skular. 

- Vi har nå klart å oppnå nye høgder etter pandemien. Dette gjev bokstaveleg talt energi og representerer stor skaparkraft og kreativitet. Det er flott for elevane å koma seg ut på alternative arenaer som dette, seier ein stolt kommunalsjef.

Energimessa er open onsdag 13. mars fram til klokka 19.00. På torsdag er opningstida kl. 11.00 – 16.00. Klokka 11.15 er det utdeling av prisar til utstillarar for den mest innovative, best utforma og den mest publikumsvennlege stand.

Frå Energimessa - Klikk for stort bilete

Teskt og bilete: Vigleik Brekke