Opna nytt reiskapslager i Porsvika

Onsdag føremiddag skar ordførar Tom Georg Indrevik over trossa som markerte opninga av det nye reiskapslageret for fiskarar i Porsvika.
- Dette betyr mykje for fiskarane, sa ordføraren.

Her klipper ordførar Tom Georg Indrevik trossa. Til høgre prosjektleiar Remi Vabø og til venstre; Kristoffer Trellevik. - Klikk for stort bileteHer klipper ordførar Tom Georg Indrevik trossa. Til høgre prosjektleiar Remi Vabø og til venstre; Kristoffer Trellevik.

Det kommunaleigde lageret skal leigast ut kystfiskarar for lagring av utstyr. Det er ingen tvil om at det er eit etterlengta tilbod som fiskarane vil ha stor nytte av.

-    Eg er stolt over at dette tilbodet no er på plass. Det er ikkje mange slik kommunale bygg langs kysten. Vi har valt å byggja skikkeleg når vi først gjennomfører eit slikt tiltak. Vi har fått eit fint og praktisk bygg. No slepp eg å høyra meir mas om dette frå Nils Kåre Skoge i kvart møte, sa ein godt nøgd ordførar.

Det nye reiskapslageret gjer det mellom anna mogleg å få trekt inn nøtene direkte frå fiskebåtane med traverskran og sleppt dei ned i bingar som fiskarane leiger. Då vil ikkje sola lenger gjera skade på reiskapen slik det skjer når garna ligg i kassar på kaien.

Det nye reiskapslageret i Porsvika tek seg godt ut. - Klikk for stort bileteDet nye reiskapslageret i Porsvika tek seg godt ut.

Gode tilbakemeldingar

Remi Vabø har vore prosjektleiar på vegner av Øygarden kommune. Bygget er gjennomført innnanfor budsjettramma på 14 millionar kroner. 

-    Vi kom i mål litt seinare enn planlagt. Eg tykkjer bygget er vorte svært bra. Tilbakemeldingane frå brukarane er gode. Brukarane har vore med på planlegginga og sett sitt preg på bygget. Eg vil også takka for godt samarbeid med byggmeister AS, sa Vabø.

Dagleg leiar i Byggmester Markhus, Kaya Markhus Skjold takka for tilliten og var glad for å få tilslag på dette prosjektet. 

- Det er viktig at slike prosjekt vert sett i gang. Byggbransjen slit ein del no. Vi kjem gjerne til Sotra igjen, sa Markhus.

Lageret er utstyrt med kran som kan dra fiskenøtene på plass. - Klikk for stort bileteLageret er utstyrt med kran som kan dra fiskenøtene på plass. kran

Kristoffer Trellevik er ein av fiskarane som skal nytta fiskerilageret.

- Eg vil gje mykje ros til Nils Kåre Skoge som har stått svært mykje på for bygget. Dette er eit unikt bygg. Vi har registrert interesse frå fiskarar frå andre stader, mellom anna Austevoll, som ønskjer å leiga plass her, sa Trellevik.

Nils Kåre Skoge opplyste at det vart løyvd 11 millionar kroner frå staten til sjølve kaien. 

-    Det har teke si tid, men det har vorte eit svært bra bygg. Så lenge fiskarane er nøgde og kan bruka det, er formålet oppnådd. No har vi fått ei komplett fiskerihamn, sa Skoge.

Her er fleire bilete:

Christian Smøraas, anleggsleiar hjå Byggmester Markhus og Helge Haugland, byggeleiar Sweco - Klikk for stort bilete
Nils Kåre Skoge - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Kristoffer Trellevik - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Stine Rabben, Øygarden kommune, skal drifta bygget. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Ordførar Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Dagleg leiar i Byggmestter Markhus, Kaya Markhus. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Prosjektleiar Remi Vabø - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå venstre; Erland Hagen Nortveit, Anton Trellevik, Kristoffer Trellevik og ordførar Tom Georg I - Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Kjell Andersland