Opnar rundkøyring ved Liljevatnet

Fredag 20. desember vert den nye rundkøyringa ved Liljevatnet teken i bruk.

Skisse: Sotra Link

Sotra Link skriv på nettsida at opninga markerer ein viktig milepåle for Sotrasambandet. Eitt køyrefelt vert stengt frå klokka 21.00 torsdag kveld for å klargjera for opning. Frå midnatt vert heile vegen stengt.

Rundkøyringa opnar fredag klokka 05.30.

Sotra Link gjer merksam på at oppmerkinga av rundkøyringa i vegbanen ikkje vert gjort før natt til måndag 23. desember.