Opning av Pedagogisk psykologisk ressurssenter

Onsdag 14. august var det markering og opning av Pedagogisk psykologisk ressurssenter i Oppvekst. 

Startskotet for PPR vart markert med snorklipping. Frå venstre; Helge Stahl (rådgjevar PPR), Rune Golf (skulesjef), Trond Heggestad (barnehagesjef) og Elisabeth Hesjedal Rolland (spesialpedagog barnehage). - Klikk for stort bileteStartskotet for PPR vart markert med snorklipping. Frå venstre; Elisabeth Hesjedal Rolland (spesialpedagog barnehage)., Rune Golf (skulesjef), Trond Heggestad (barnehagesjef) og Helge Stahl (rådgjevar PPR).

Det vart markert ved å samla alle tilsette, saman med barnehagesjef og skulesjef, til fagdag og markering ved snorklipping, fanfare og kake. 

PPR er ei utviding av det tradisjonelle PPT (pedagogisk psykologisk teneste). Ressurssenteret har fått ansvar for kompetanseheving og systemutvikling i barnehage og skule. I PPR er det 56 tilsette med brei tverrfagleg kompetanse og som har ulike oppdrag og oppgåver knytt til barnehagelova og opplæringslova. 

Les meir om PPR her. 

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete


Tekst: Merete Nygård Ingebrigtsen