Oppgraderer mobilnettet

Telenor har i desse dagane starta arbeidet med å oppgradera mobilnettet i Øygarden. Dette kan føra til lågare kapasitet og i periodar ingen dekning fram til arbeidet er avslutta 6. oktober.

Illustasjonsfoto - mobil i naturen - Klikk for stort bileteIll.foto

Bakgrunnen for oppgraderinga er at fleire skal få tilgang til 5G og endå betre kapasitet på 4G.

Tiltaket skjer ved at basestasjonane vert oppgraderte. I området denne basestasjonen dekkjer, vil det under oppgraderinga vera lågare kapasitet og i periodar ingen dekning. Dette gjeld berre i område der ein ikkje har overlappande dekning frå ein anna basestasjon.

Kart: Telenor

Les meir om mobildekning på nettsida til Telenor.