Opphevar rådet om ikkje å bada i Skogavatnet

I dag kom resultata av ekstra vassprøvar tekne i Skogavatnet like ved Sotra Arena på Straume.
-  Prøveresultata viser vesentleg betre vasskvalitet, og vi vil ikkje lenger frårå folk å bada i dette vatnet, seier smittevernlege Bjørg Møllerløkken.

Skogavatnet ligg like ved Sotra Arena - Klikk for stort bileteSkogavatnet ligg like ved Sotra Arena.

Ein vassprøve 8. juni viste dårleg vasskvalitet i Skogavatnet. Av den grunn frårådde kommunen bading i dette vatnet inntil det vart påvist god vasskvalitet

Målingar tekne 15. juni viste betring i vasskvaliteten, og prøvar tekne 19. juni viser at vatnet held god kvalitet. Det er Miljøretta helsevern i Bergen kommune som har teke vassmålingane.

Skiltet ved Skogavatnet om at ein frårår bading i vatnet, vert fjerna i dag/kveld.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Ragnhild Jarlsby, miljøretta helsevern i Bergen kommune