Oppmodar om å ta kikhostevaksine

Ikkje alle vaksinar ein tek som barn gir vern heile livet. For nokre vaksinar er det behov for oppfriskingsdosar. Smittervernoverlege Bjørg Møllerløkken seier at alle vaksne vert tilrådd å ta oppfriskingsdose med kikhostevaksine kvart 10. år. Dette ansvaret ligg på kvar enkelt.

Smittevernoverlege Bjørg Møllerløkken - Klikk for stort bilete Vigleik Brekke

Helsenorge kan du lesa meir om ulike oppfriskingsvaksinar. 

Bjørg Møllerløkken viser til at det for tida er eit nasjonalt utbrot med kikhoste. Kikhoste er rekna som ein av dei mest smittsame barnesjukdomane, og kan vera særleg alvorleg for spedbarn. Kikhoste vert også omtalt som 100-dagarshoste. 

Vaksine mot kikhoste inngår i barnevaksinasjonsprogrammet, og det blit gitt tilbod om denne på helsestasjonen ved 3, 5 og 12 månaders alder. Tre dosar utgjer det ein kallar grunnvaksinasjon. I tillegg vert det gitt tilbod om oppfriskingsdose til barn på 2. og 10. trinn. 

- Når vi no har eit nasjonalt utbrot med kikhoste, er det ekstra viktig å syta for at ein har teke oppfriskingsdose med vaksinen. På denne måten kan ein verna både seg sjølv og andre, seier smittevernoverlegen.

Dersom du er usikker på kva tid du tok vaksinen sist, kan du logga deg inn på Helsenorge si vaksineteneste. Der er det oversikt over vaksinar du har tatt og kva tid du har tatt dei. 

Ved behov for påfyll, ta kontakt med fastlegen din. 

Kikhostevaksinen er berre tilgjengeleg i kombinasjonsvaksine. Dette betyr at vaksinen gir vern mot fleire sjukdomar. Det er ein trygg og godt utprøvd vaksine. 

Du kan lesa meir om kikhoste her.