Optimisme trass utfordringar

Formannskapet er samla til strategikonferanse om budsjett og ordinært møte i dag 11. juni. Både ordførar Tom Georg Indrevik og kommunedirektør Johnny Breivik fokuserte på moglegheitene til Øygarden kommune ved starten av møtet.

Frå formannskapet 11. juni På talarstolen ordførar Tom Georg Indrevik. til høgre, kommunedirektør Johnny Breivik. - Klikk for stort bileteFrå formannskapet 11. juni På talarstolen ordførar Tom Georg Indrevik. Til høgre, kommunedirektør Johnny Breivik.

Her kan du følgja møtet på kommune-TV.

Begge dei to leiarane viste til kommunebarometeret som viser at Øygarden har klatra frå 140. plass til 79. plass frå 2022 til 2023. Barometeret er basert på 150 forskjellige indikatorar. 

Ordførar Tom Georg Indrevik viste til den kraftige forventa auken i talet på eldre i tida dei neste 20 åra. Men han ville gjerne ha noko å jobba etter.

- Dersom vi legg inn «høg vekst» i Statistisk sentralbyrå sine befolkningsutrekningar, manglar vi 550 innbyggjarar i 2050 for å nå 50 tusen innbyggjarar. Då kan vi lansera slagordet «50 i 50», sa ordføraren.

Han viste elles til barnehage- og skulestrukturplanen som no er lagt ut på høyring.

- Denne planen må vi ta på alvor og ikkje konkludera for tidleg. Øygarden har store moglegheiter, men det krev også handling. Eg inviterer til eit breitt samarbeid om budsjettet for 2025, sa ordføraren.

Kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bilete

Kommunedirektør Johnny Breivik var også optimistisk trass i store utfordringar for både Øygarden og andre kommunar.

- Det vi står i, er handterbart. Vi kan velja å sjå svart på det, men i utgangspunktet er eg lett til sinns. Eg vil oppsummera utfordringane våre til at vedlikehaldsetterslep pluss demografi er dyrt. Men eg er faktisk sterkare i trua enn på lenge til at dette skal vi få til, sa kommunedirektøren ved innleiinga av strategikonferansen og møtet i formannskapet på tysdag.


Tekst og foto: Vigleik Brekke