- Overgangsalderen handlar om meir enn hetetokter

Kvart år går om lag 30 tusen norske kvinner inn i overgangsalderen.
- Det er behov for meir kunnskap om samanhengen mellom overgangsalder og sjukefråvær, seier professor Silje Mæland som samarbeider med Øygarden kommune i prosjektet «Jobben gjer frisk».

Silje Mæland - Klikk for stort bileteSilje Mæland

Bergen kommune har laga ein rettleiar om overgangsalderen. Øygarden kommune har tilpassa denne i ein eigen rettleiar retta mot leiarar og tilsette. Øygarden har 764 tilsette i alderen 40 til 60 år. Dette utgjer om lag 27 prosent av arbeidsstyrken. 

Her kan du lesa rettleiaren (pdf). (PDF, 4 MB)

Overgangsalderen varierer frå kvinne til kvinne. I livsfasen mellom 45 og 55 år har kvinnene potensiale for stor kapasitet, engasjement og karriereutvikling. Manglande kunnskap om helseplager knytt til overgangsalder, kan føra til at dette potensialet ikkje vert godt nok utnytta.

Silje Mæland understrekar at overgangsalder er meir enn hetetokter og nattesveitte. Av dei 30 tusen kvinnene som går inn i overgangsalderen kvart år, reknar vi med at det er rundt 20 tusen som vil oppleva plager. 10 tusen kvinner opplever betydelege helseplager. Overgangsalderen er eit tabubelagt tema som det vert snakka lite om.

Plagene med overgangsalder er ikkje så alltid så lette å setja ord på, men dei fører gjerne til redusert livskvalitet og auka sjukefråvær.

- Mange kan slita med plager som dei ikkje forstår har med overgangsalderen å gjera. Det viser seg at sjukefråværet aukar for kvinner i alderen 40 – 60 år. Det som går igjen er muskel- og skjelettskader i tillegg til lettare psykiske lidingar, og vi vil undersøkja om noko av dette kan vera på grunn av overgangsalderen. Overgangsalderen kjem overraskande på mange og tidlegare enn mange trur. Vi tenkjer gjerne at dette skjer i 50-60-åra, men symptoma kjem ofte tidlegare, seier Mæland.

Ho er med i forskingsprosjektet KLAR der målet er å betra helse, helsetenester og arbeidsdeltaking for kvinner i overgangsalderen. Prosjektet er finansiert av Grieg Foundation. Arbeidet starta opp i 2022 av forskargruppa arbeid, helse og kjønn på Universitetet i Bergen.

Leiar før lege

- Denne aldersgruppa er viktig arbeidskraft for kommunen. Vi treng meir kunnskap om temaet, og arbeidsplassen er ein viktig arena å ta dette opp på og gje god informasjon. Kommunen må visa at utfordringane med overgangsalder vert tekne på alvor. Det er betre å ta kontakt med leiaren før legen om du kjenner symptoma, seier Silje Mæland. 

«Jobben gjer frisk» har fokus på tidleg og tett dialog mellom tilsett og leiar. Overgangsalderen er framleis eit tabutema på arbeidsplassen. 

Prosjektleiar i nærværsprosjektet «Jobben gjer frisk», Øygarden kommune, Benedicte Sletten Larsen, seier at ved å snakka om overgangsalderen på arbeidsplassen, kan ein redusera tabuet og forbetra livskvaliteten for mange kvinner. 

- 27 prosent av alle tilsette i Øygarden kommune er kvinner mellom 40-60 år og utgjer ein betydeleg del. Dei er ein svært viktig ressurs. Denne rettleiaren viser kor viktig overgangsalderen er for helsa og arbeidslivet for kvinnene. Rettleiaren understrekar også at tidleg identifisering og støtte kan bidra til å redusera sjukefråvær og helseplager, seier ho.
 

Tekst og foto: Vigleik Brekke