Kommunedirektør Johnny Brevik gler seg over ekstraløyvinga frå regjeringa.Forslaget vert fremja i nysaldert budsjett i november. Øygarden kommune får 30,8 millionar kroner i 2024. I tillegg kjem ei tilsvarande ekstraløyving i samband med budsjettet for 2025.
- Denne ekstraløyvinga bidreg at vi unngår dei mest inngripande tiltaka. Det vil også gje større sjansar for at rekneskapen for 2024 kan koma i balanse. Når det gjeld det føreslegne tillegget neste år, må vi venta til endeleg behandling Stortinget. Vert det vedteke, vil det gje større politisk handlingsrom til å gjera ytterlegare prioriteringar, seier kommunedirektøren.
Kommunal- og distriktsminister Erling Sande seier at mange kommunar og fylkeskommunar er no i ein krevjande situasjon med auka kostnader til mellom anna pleie og omsorg, helse og sosiale tenester.
- Regjeringa vil bidra slik at kommunane kan halda fram å yta gode tenester som til mellom anna skule, barnehagar og eldreomsorg, seier kommunal- og distriktsministeren i ei pressemelding.
Ordførar Tom Georg Indrevik er glad for at kommunane har vorte høyrde, men han meiner det diverre ikkje står i forhold til det behovet mellom anna KS har presentert (KS: fellesorganisasjon for kommunane).
- Ekstraløyvinga gjer at omstillinga vert lettare. Men i og med at ein reknar med stor svikt i skatteinngangen både i år og neste år, må vi framleis gjennom ei hard omstilling, seier ordføraren.
Av dei fem milliardar kronene går 4,3 miiliardar kroner til primærkommunane og 700 millionar kroner til fylkeskommunane.
Tekst og foto: Vigleik Brekke