Øygarden har fått eige personvernombod

2. januar var første dag for Silje Sørbotten Nilsen som personvernombod i Øygarden. Fram til utgangen av 2023 kjøpte Øygarden kommune denne tenesta frå Bergen kommune. No har kommunen sjølv overteke denne funksjonen.

Silje Sørbotten Nilsen er personvernombod i Øygarden kommune. - Klikk for stort bileteSilje Sørbotten Nilsen er personvernombod i Øygarden kommune.

Etter personopplysningslova skal Øygarden kommune ha personvernombod. Det er kommunedirektøren som har peika ut ombodet. Omfanget av arbeidet skal svara til ei 20 prosent stilling.

- Eg gler meg til å ta fatt på oppgåvene. Dette vert spennande og utfordrande.  Eg har arbeidd med personvern i fleire år. No skal eg ut av ei rein rådgjevarrolle og meir ha ein kontroll- og tilsynsfunksjon. Både innbyggjarar og tilsette i kommunen kan ta kontakt med personvernombodet i spørsmål og saker som har med personvern å gjera, seier Sørbotten Nilsen.

I det administrative delegeringsreglementet heiter det at personvernombodet skal ha ein rådgjevande og kontrollerande funksjon. Ombodet skal bida til at Øygarden kommune overheld forpliktingane sine etter personvernregelverket. Ombodet skal vera uavhengig i utføringa av oppgåvene sine i samsvar med personvernforordninga. I Øygarden skal personvernombodet gjennomføra minst to fagdagar i året.

- Døme på saker som kan koma på bordet til personvernombodet kan vera bruk av elektroniske skjema og sikra at kommunen nyttar personopplysningar i samsvar med regelverket, seier Silje Sørbotten Nilsen.

Kommunedirektør Johnny Breivik er glad for at Øygarden kommune no tek hand om denne funksjonen sjølv.

- Dette er ein viktig del av arbeidet med personvern. Øygarden kommune prioriterer høgt arbeidet med å handtera personopplysningar på ein trygg måte og at dette skjer i samsvar med regelverket, seier kommunedirektøren. 

E-postadresse til personvernombodet er: personvernombod@oygarden.kommune.no

Her kan du søkja opp informasjon om ansvar og oppgåver for personvernombodet.


Tekst og foto: Vigleik Brekke