Øygarden oppnådde beste resultat nokosinne

Elevane i Øygarden kan skilta med det historisk beste resultatet i MatteMaraton i regi av Kikora. I løpet av mai har 4 138 elevar frå kommunen vår løyst 1 975 802 oppgåver og tilbakelagt over 316 tusen kilometer. 

"Over alt" vart det jobba med MatteMaraton på Spildepollen skule i mai. - Klikk for stort bilete"Over alt" vart det jobba med MatteMaraton på Spildepollen skule i mai.

Gjennom heile mai har ein kunna følgd konkurransen via Live map på internett. Kartet ved konkurranseslutt viser at Spildepollen skule toppar lista både i Øygarden og på landsbasis. 

Øygarden fekk med seg det meste. På dei neste plassane følgjer Toftøy skule (2), Tjeldstø skule (3), Bjorøy skule (4) og Knappskog skule (5). 13 barneskular og ein ungdomsskule (Øygar

Kikora er mektig imponert over innsatsen frå øygardselevane. 

- Vi i Kikora ønskjer å gratulere dykk, og takka for den fantastiske innsatsen de har lagt ned i MatteMaraton 2024. De har brukt 25 464,5 timer til å bli betre i matematikk. Det er nesten 70 år samanlagt! 

Ifølgje Kikora er nok dette den beste MatteMaraton-innsatsen av ein enkelt kommune nokosinne.

- Vi er audmjuke og djupt takksame for arbeidet de har gjort. Saman har vi skapt eit ekte engasjement, mykje læring og matteglede hjå den enkelte, skriv Kikora i ei helsing til kommunen.

MatteMaraton handlar også om aktivitet. Skuledagen starta med tur i lysløypa rundt skulen. - Klikk for stort bileteMatteMaraton handlar også om aktivitet. Skuledagen starta med tur i lysløypa rundt skulen.

Stolt rektor på Spildepollen

Elevane ved Spildepollen skule har konkurrert i Mattemaraton i heile mai. Spildepollen skule vann konkurransen (på landsbasis) dette året og vart dermed også den beste skulen i Øygarden kommune. Elevane på skulen har rekna i gjennomsnitt over fem maratonar pr. elev, og kvar elev har også godt over 1000 oppgåver. 

Rektor Linda Selheim er imponert over det store engasjementet i heile mai. Ho fortel at kvar morgon har elevane starta med ein tur i lysløypa rundt skulen før store delar av dagen har gått med til rekning og problemløysing.

- Elevane har vore flinke til å hjelpa kvarandre og å heia på kvarandre undervegs. Innsatsen til elevane utanfor skulen har også vore imponerande. Fleire elevar har rekna fleire timar kvar dag, og foreldre har vore flinke til å melda tilbake om fysiske aktivitetar heime, seier rektoren. 

Konkurransen har vore samlande for heile skulen, då alle, elevar, foreldre og personale ved skulen, har bidratt til å oppnå siger! No blir det fest og feiring!


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Spildepollen skule