Parkeringshus kan verta erstatta av heildøgnsplassar

Plan- og miljøutvalet tilrår samrøystes at parkeringshuset og tomta ved Fjell sjukeheim vert gjort om til areal for heildøgnsplassar. I første byggjetrinn er det lagt opp til 80 heildøgn omsorgsbustader/sjukeheimsplassar.

Parkeringshuseet ved Fjell sjukeheim. - Klikk for stort bileteParkeringshuset ved Fjell sjukeheim kan verta erstatta av bygg for heildøgsplassar.

I saka er det vurdert tre scenario for utbygging. Det er open pris- og designkonkurranse – totalentreprise med samspel, delvis låst pris- og designkonkurranse – totalentreprise med samspel og OPS-konkurranse (OPS: Offentleg, privat, samarbeid). Utvalet sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren om å utlysa ein pris- og designkonkurranse med  funksjonsskildring og romprogram som skissert i scenario 2 i saka.

I eit tilleggsforslag frå fleirtalspartia, som vart omgjort til eit fellesforslag, går det fram at modellen må sikra rask framdrift for etablering av sjukeheimsplassar i tråd med planlagt opptrapping. Det vert bedt om å vurdera å innarbeida ein parkeringskjellar i bygget eller andre aktuelle løysingar i tilknyting til bygget. 

- Funksjonsskildring og romprogram skal utformast i samsvar med i kriteria som er definert i Husbankens rettleiar for lokalisering og utforming av omsorgsbygg. Det føreset at investeringstilskot skal utgjera 55 prosent av maksimalt godkjent anleggskostnader, heiter det i tillegget.

I saksutgreiinga går det fram at framskrivingar viser ei tredobling av innbyggjarar over 80 år i 2040 samanlikna med i dag. Kommunedirektøren skriv i saka at kommunen i størst mogleg grad må leggja til rette for at flest mogleg kan bu trygt i eigen heim. I gjeldande økonomiplanperiode er det løyvd til saman 235,2 millionar kroner til nye omsorgsplassar.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Vil ha nullvisjon for trafikktryggleiksplan

PMU vedtok at den nye trafikktryggleiksplanen 2025-2029 skal ha nullvisjon om ingen drepne eller hardt skadde i trafikken. I saka om fastsetjing av mål for planen er det også tilrådd å følgja opp samfunnsdelen til kommuneplanen om at Øygarden skal vera ein god stad å bu og ha trygge, tilgjengelege og berekraftige transportløysingar.

Andre strategiske mål er at ein skal betra transporttryggleiken gjennom godt kunnskapsgrunnlag, trygg infrastruktur, drift- og vedlikehald og informasjon og mobilitetsopplæring. Det skal verta lettare å gå, sykla og reisa kollektiv og ein skal prioritera trygge og attraktive koplingar og trasear for gåande og syklande innafor sentersonene.

Utvalet slutta seg samrøystes til eit tilleggsforslag frå Anita Vindenes (H) der utvalet ber om ei orientering om innkomne innspel og vidare prosess i saka til neste møte.

Planen skal erstatta dei gamle trafikktryggleiksplanane for kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Arbeidet med ny trafikktryggleiksplan er godt i gang, og det er kunngjort høve til koma med innspel med frist 15. oktober.

Både posisjon og opposisjonen hadde gruppemøte i saka om trafikktryggleiksplan. Utvalet samla seg om å be om orientering om innkome innspel og vidare prosess i saka. På biletet frå venstre; Silje Ulveseth (Ap), John Alvsvåg (MDG) og Ørjan Gjøen (INP). med ryggen til; Jonas Aleksander Foldnes (SV). - Klikk for stort bileteBåde posisjon og opposisjonen hadde gruppemøte i saka om trafikktryggleiksplan. Utvalet samla seg om å be om orientering om innkome innspel og vidare prosess i saka. På biletet frå venstre; Silje Ulveseth (Ap), John Alvsvåg (MDG) og Ørjan Gjøen (INP). Med ryggen til; Jonas Aleksander Foldnes (SV).

Høyring for plan for Energiparken

Utvalet vedtok å gjennomføra avgrensa høyring av revidert planprogram for områderegulering for Energiparken Sør. Planen gjeld for heile parken og vil difor endra namn til områderegulering Energiparken. Ved endeleg vedtak vil planen overstyra, erstatta eller oppheva fleire andre planar.

MDG fremja eit tilleggsforslag om å presisera at revidert planprogram vil gjelda for heile Energiparken og vert oppdatert i samsvar med føringane i rettleiar M-1941 til Miljødirektoratet og at planen difor vil endra namn til områderegulering Energiparken. Forslaget fekk fire røyster (Ap, SV, MDG og INP) og vart ikkje vedteke. Fleirtalet på sju (Høgre, Sotralista, KrF og Frp) røysta imot.

Områderegulering for Energiparken skal realisera næringsareal i Energiparken Sør, på Ljøsøyna nord og Ljøsøysundet vest. Kommunedirektøren skriv at eit revidert planprogram vil sikra eit godt utgangspunkt for den vidare planlegginga som skal gå føre seg utover 2024 og 2025. Det er det nye i planprogrammet som skal høyrast i denne fasen, og ikkje heile planprogrammet. 

Uttale til vernearbeid av nasjonal viktig natur i sørvestre  Øygarden

Plan- og miljøutvalet slutta seg til høyringsuttalen slik det går fram av saksframlegget under “Vurdering og konklusjon”, men med to endringar.

Både Høgre og MDG hadde endringsforslag. Utvalet samordna forslaga og vedtok dette endringsframlegget:

  • Tilpassa kartlina som i dag er teikna over eit allereie industriregulert område sør-aust på verneområdet med nødvendige justeringar av reguleringsgrensa.
  • Gjera det mogleg å byggja den planlagde universelle utvidinga av eksisterande sti, som vil strekkja seg ned til vatnet nord-aust på verneområdet. Dette vil gje elevane og ålmenn moglegheit til å drive med ulike vassaktivitetar. Midlar er allereie tildelt prosjektet.
     

Bakgrunnen for uttalen er at Statsforvaltaren har meldt oppstart av vern av nasjonalt viktig natur  i sørvestre Øygarden, med avgrensing ved Golta i sør, Kausland i aust og Selstøa i nord. 

Området er på drygt 8 200 dekar. Med vern av dette området vil det totale verna arealet i Øygarden gå frå 0,8 prosent til 3,4 prosent.

Kommunedirektøren skriv i uttalen at framlegg til verneområdet mellom Golta og Selstøa er heilt i tråd med viktige mål og strategiar i kommuneplanen sin samfunnsdel. Avgrensinga ser ut til å vera føremålstenleg med omsyn til busetnad og arealføremål i gjeldande arealdel (Sund 2011). Ettersom varsla planarbeid i Selstøvågen vert avslutta, vil kommunedirekteøren tilrå at Selstøvågen og område nord for vågen vert inkludert i verneområdet. Kommunedirektøren tilrår at verneområdet får namnet Golta-Selstøa naturreservat.

Klagesaker

Det vart behandla to klagesaker.

Orienteringar

Det var gjeve fleire orienteringar i møtet. 

  • Status og aktuelle saker frå kommunalsjef Silje Haukedal med fleire 
  • Trafikk- og mobilitetsplan for Straume v/ Asplan Viak 
  • 'Planvask 
  • Kommunale funksjonar i sambruk med ny vidaregåande skule på Straume 
  • Førebels presentasjon av eigedomsstrategien

 

Her kan du lesa innkalling med saksdokument. 

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke