Partitopp besøkte Energiparken

Leiar i KrF, Olaug Bollestad, besøkte måndag Energiparken og fekk innføring i arbeidet med karbonfangst og lagring, Trollvind-prosjektet og utviklingsplanane for Kollsnes og Sture.
- Det er viktig å synleggjort dei felles utfordringane Noreg og Europa står overfor, sa partileiaren etter møtet.

Frå venstre; varaordførar Torill Selsvold Nyborg, anleggsleiar Karl Inge Ulveseth, kommunikasjonsleiar Northern Lights Christian Buch Hansen og leiar i KrF, Olaug Bollestad. - Klikk for stort bileteFrå venstre; varaordførar Torill Selsvold Nyborg, anleggsleiar Karl Inge Ulveseth, kommunikasjonsleiar Northern Lights Christian Buch Hansen og leiar i KrF, Olaug Bollestad.

Administrerande direktør, Børre Jacobsen, og assisterande prosjektsjef Knut Mathias Vestbø i Northern Lights orienterte om anlegget i Øygarden og heile kjeden med fangst og lagring av CO2. Når CO2  er fanga på land, vert han frakta med spesialskip skip til mottaksterminalen i Energiparken i Øygarden, ført i røyr og permanent lagra 2 600 meter under havbotnen i Nordsjøen.

Jacobsen sa at fase éin av prosjektet er fullført i 2024 med ein kapasitet på opp mot 1,5 millionar tonn CO 2  per år. Dei første kundane som leverer CO2, treng offentleg støtte. Den første kommersielle avtalen vart inngått med Yara i august 2022.

I løpet av våren vert det avgjort om ein skal auka kapasiteten med 3,5 millionar tonn til fem millionar tonn CO2 i året i fase to. Utfordringa framover er at ein både må halda industrien i gang og samstundes handtera CO2. Dette må verta lønsamt til sjuande og sist, sa Jacobsen.

Knut Mathias Vestbø sa at om lag 120 personar er i arbeid med å byggja anlegget til Northern Lights i Energiparken. Arbeidet med å leggja røyr ut i Nordsjøen er starta opp.

- Planen i fase to er å utvida med ni ekstra tankar, byggja ny kai og utvida med infrastruktur og støttesystem, sa Vestbø.

Alis Helene Tefre orienterte om havvind-prosjektet Trollvind. Equinor og partnarane i Troll- og Oseberg-felta studerer moglegheitene for å byggja ut Trollvind , ein flytande havvindpark på 1 GW vest for Bergen. Ho sa at det er eit sterkt behov for meir ressursar i forvaltninga til å arbeida med havvind.

Frå venstre: Tom Georg Indrevik, Olav Bollestad og Torill Selsvold Nyborg - Klikk for stort bileteFrå venstre: Tom Georg Indrevik, Olav Bollestad og Torill Selsvold Nyborg

Kommunikasjonsleiar for Kollsnes prosessanlegg og Stureterminalen, Kjersti Nordøy, orienterte om olje- og gassanlegga og framtidsplanar og visjonar for Øygarden.

På dei to anlegga her ute er det om lag 350 Equinor-tilsette, 200 knytt til leverandørar og 30 lærlingar. Kollsnes prosessanlegg står for 40 prosent av norsk gassproduksjon. Ho peika på viktige drivarar i Øygarden framover; anlegg med låge karbonutslepp, anlegg for produksjon av blått hydrogen, ny godshamn på Ågotnes, Trollvind, Energiparken og Northern Lights og anlegg for karbonfangst og lagring for Smeaheia.

Olaug Bollestad var imponert over det ho fekk høyra på besøket i Øygarden.

- Eg likar at aktørane er «nedpå» og forklarar utfordringane med CO2. Noreg og Europa har dei same utfordringane med å verta kvitt CO2. Alternativet er at dette går rett i lufta, men det er ikkje berekraftig, seier Bollestad.

Frå Øygarden kommune deltok ordførar Tom Georg Indrevik, varaordførar Torill Selsvold Nyborg og fleire partifeller i lokallaget til KrF.

- Dette var eit svært interessant møte. Det er flott at fase eín med CO2-lagring allereie er klar i 2024, seier Selsvold Nyborg.

Her er fleire bilete:

Helge Nilsen (lokalpolitikar KrF), Olaug Bollestad og Ingvill Kvalsnes Blom (lokalpolitikar) - Klikk for stort bilete
Børre Jacobsen og Olaug Bollestad - Klikk for stort bilete
Olav Bollestad og Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Knut Mathias Vestbø - Klikk for stort bilete

Tekst og foto: Vigleik Brekke