Passerte 1 500 utlån på femårsdagen

I dag var det fest på BUA på Ågotnes. Det er no fem år sidan den populære gratis utlånssentralen vart offisielt opna.
- Eg er imponert over dette tilbodet, sa fungerande ordførar Anita Garlid Johannessen då ho kasta glans over jubileet på fredag.
 

No er BUA fem år - Klikk for stort bileteNo er BUA fem år

Då BUA Ågotnes passerte fem år tidlegare denne veka, var det registrert 1 500 lån. I løpet av desse åra har nesten åtte hundre unike lånarar registrert seg. BUA Noreg feirer 10 år i år, medan BUA Ågotnes markerer fem års drift. 

- Denne femåringen må vera draumen til alle foreldre; han er jo vekst. Her har de jo alt mogleg. Eg spør meg; kven er dei smartingane som brukar BUA. Jo, det må vera dei som vil testa ut korleis ting fungerer før dei går til innkjøp av ustyr. Dette er kort og godt eit fantastisk tilbod, sa fungerande ordførar og gratulerte jubilanten med dagen.

Varaordførar Anita Garlid Johannessen gratulerte jubilanten. - Klikk for stort bileteVaraordførar Anita Garlid Johannessen gratulerte jubilanten.

Ansvarleg for BUA Ågotnes, Stine Sanden, seier at det er 1 550 ulike artiklar folk kan velja mellom. Om sommaren vil folk gjerne låna kanoar, redningsvestar og SUP-brett.

- Om vinteren er særleg alpinutstyr populært. Utstyret kan lånast av både vaksne og barn. Både privatpersonar, skular og lag og organisasjonar kan låna utstyr. Det er god folkehelse når vi med denne gratis utlånsordninga kan bidra til at folk driv med friluftsliv. 

- Er det behov for dette tilbodet?

- Ja, absolutt. Det viser utlånstala. Det er berekraftig å gjenbruka utstyret. Og det er inspirerande at folk er kjempefornøgde når dei leverer inn utstyret, seier Stine Sanden som kombinerer jobben som ansvarleg for BUA med arbeid i frivilligsentralen.

Saman med seg på BUA har Stine Sanden, Vigdis Taranger og Julia Valeska Woehlert.

Her er fleire bilete:

Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Frå markeringa - Klikk for stort bilete
Erik Landro, Rune-Leander Hagen, Lars Ingebrigtsen Vadseth, Lucas Emanuel Kvalheim. - Klikk for stort bilete
Mikkel Låstad Tjong (3) vann sparkesykkel. - Klikk for stort bilete


 
Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Sander Bruvoll Monsen og Vigleik Brekke