Planlegg geotermisk pilotbrønn i Øygarden

I samråd med mellom anna Øygarden kommune har ei gruppe av forskingsorganisasjonar sendt inn søknad til forskningsrådet om støtte til eit prosjekt der ein skal evaluera energipotensiale i eit fem kilometer djupt borehol på Ågotnes.

Noreg står ovanfor store utfordringar relatert til energiproduksjon/tryggleik, lokalt og nasjonalt, og det er knytt store utfordringar og risiko til de fleste løysingane ein ser på i dag.

Jonny Kristensen i Odfjell Technology opplyser at geotermisk og djup geotermisk energi kan vera ein del av denne løysinga det er behov for.

- Via dette prosjektet kan Noreg få høve til å utgreia dette til felles beste, føresett støtte og realisering, seier Kristensen.

Kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, seier at i ei tid der tilgang på energi er ei utfordring og det er eit skrikande behov for nye berekraftige energiformer, er eit slikt prosjekt særs interessant.

- Det vert spennande å sjå korleis forskningsrådet vurderer søknaden og initiativet, seier han.

Dette er den første landbaserte geotermiske pilotbrønnen i landet. Dersom det går som planlagt vert brønnen lokalisert på CCB, Ågotnes. Dei samarbeidande forskingsorganisasjonane, under leiing av NGU (Norges Geologiske Undersøkelser www.ngu.no), er NGU, SINTEF, NORCE, UiH (Universitetet i Helsinki) og NCS-UiS (Universitetet i Stavanger).

Offisielle og formelle partnarar som har bidrege med støtteerklæringar til søknaden og innspel til prosjektet er Vestland fylkeskommune, Øygarden kommune, Bergen Havn, Norges Miljøvernforbund og Odfjell Technology.

Industrielle partnarar er CCB, XRIG og Baker Hughes.

Tekst: Vigleik Brekke
Skisse: NORGEOEN