Podkastepisode 11: Øygarden er ein viktig kommune i Vestland

- Eg opplever at nye Øygarden kommune er eit fyrtårn og er ein viktig utviklingsaktør i vest.

Det seier fylkesordførar Jon Askeland i siste episode av kommunedirektør Johnny Breivik sin podkast Rådhuset. Saman med ordførar Tom Georg Indrevik oppsummerer fylkesordføraren fem år med den nye kommunen og korleis Øygarden kan vera ein viktig utviklingsaktør i åra som kjem.

Tema i podkastepisoden er korleis fylket og kommunen kan stå saman om viktige samfunnsoppgåver, økonomi, det grøne skiftet, kollektivtransport og utdanning.

Fylkesordførar Jon Askeland lovar byggjestart for ny vidaregåande skule i Øygarden i 2028.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at Øygarden kommune vil nytta den krafta det er at vi er ein stor kommune i Vestland.