Populært med seniorkonsert på Ulveset skule

Torsdag 30. mai hadde mellomtrinnet på Ulveset skule invitert til seniorkonsert. Etter at musikklærer Skjalg Bruun starta mellomtrinnskoret, har det dukka opp mange uoppdaga talent blant elevane, og dette burde fleire få gleda av. 

Kor på scena. - Klikk for stort bileteElevane framførte eit variert musikalsk program.

Klokka 12 sat rundt 80 gjester klar rundt kafébord i gymnastikksalen og venta spent på det elevane skulle framføra. De blei høgtidleg ønskt velkommen av konferansierane som loste dei gjennom et variert program. 

Konserten starta med allsong. Deretter kom godbitane slag i slag. Til songen “Vår Beste dag” av Erik Bye, spelte skulen sitt eige elevband. Songen er ei hyllest til dei gode augneblikka i livet. Seinare blei “Dona Nobis Pacem” vakkert framført. Det er ei latinsk bøn om fred, og passar ekstra godt i disse tider. 

Kor på scena. - Klikk for stort bileteMellomtrinnskoret

Koret avslutta med å syngja “We are the World” av Michael Jackson, den gir håp om at det nyttar å gjera noko med vanskelege ting. Ingen kan hjelpa alle, men alle kan hjelpa nokon. I dei forskjellige innslaga, var det solistar som framførte delar av nokre songar. Det blei sunge fleirstemt, og koret serverte nydeleg kanonsang. 

6. trinn hadde et blokkfløyteinnslag før det heile blei avslutta med ein duett av to elevar på 5.trinn. 

Salen - Klikk for stort bileteMange møtte fram for å få med seg seniorkonserten.

Etter konserten var det mange som ble sitjande igjen og nyta kake og kaffi rundt borda. Det var 6. trinn som hadde bakt, og dekt borda som ein del av mat- og helsefaget.

Lærarane på Ulveset kunne stolt klappa seg sjølv på skuldrene etter endt konsert. Det kjem definitivt til å bli gjentatt.


Cecilie Mikkelsen Dahl
rektor Ulveset skule