Tre representantar frå styret i Sotra Sportsklubb deltok på møtet. Frå venstre; styremedlem Jan Eide, ordførar Tom Georg Indrevik, nestleiar i styret Cecilie Mikkelsen Dahl og styreleiar Svein Olav Sørensen.Det var ordførar Tom Georg Indrevik som hadde invitert til møte med sportsklubben. Han ønskte å ta opp fleire tema med klubben.
Sørensen orienterte om status for Sotra Sportsklubb. I fjor haust såg det ut til at rekneskapen for 2024 ville gå mot eit større underskot. No ser det ut til at rekneskapen for fjoråret vil enda opp med balanse. For 2025 ser det meir krevjande ut, og eit negativt resultat er sannsynleg. Klubben arbeider med å rekruttera ny dagleg leiar etter at Ole Morten Skjold nyleg sa opp stillinga.
- Vi set stor pris på å verta invitert, og vi opplever at dialogen med kommunen har betra seg, sa Sørensen på møtet.
Han orienterte også om det nye sportssenteret til Sotra Sportsklubb. Tilbodet på senteret har eit lågterskelpreg og er ope for alle, ikkje berre for medlemer i sportsklubben. Ei sosial sone ved inngangspartiet skal vera ein stad også for ungdom som ikkje trenar.
Ordførar Tom Georg Indrevik sa at det er viktig å ha god dialog og felles mål for det viktige arbeidet idrettslaget driv.
- Vi ønskjer at de skal lukkast. Det er eit mål at vi får til eit godt sambruk av Sotra Arena og at dette vert følgd opp via idrettsrådet, sa ordføraren.
Saman med ordføraren møtte kommunedirektør Johnny Breivik og fleire andre frå administrasjonen.
Tema på møtet var mellom anna vaktavtale og leigeprisar ved arrangement. I løpet av våren skal kommunen lysa vaktavtaleordning ut på anbod. Johnny Breivik understreka at det må vera ein ryddig prosess omkring dette.
Kommunen understreka at utleige av Sotra Arena må skje i samsvar med lovar og reglar.
Tekst og foto: Vigleik Brekke