Gruppemøte i fleirtalspartiaUttalen vart vedteken mot eí røyst (Industri- og næringspartiet).
MDG fekk to røyster (MDG og Ap) på sitt primære forslag. Desse partia meiner at forslag til utgreiingsprogram vil gje eit godt kunnskapsgrunnlag, men manglar fokus på korleis denne type konstruksjonar forplantar støy i sjø, samanlikna med enkeltståande turbinar. Dette bør inngå i utgreiingsprogrammet.
Ut over det stiller plan og miljøutvalet seg positiv til prosjektet og innhaldet i meldinga.
MDG ved John Alvsvåg fremja eige forslag.Det er Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) som har fått melding frå Wind Catching Demo AS om eit demonstrasjonsanlegg for havvind. Anlegget er planlagt i havområda om lag 18 km vest for Lyngøy, med nettilknyting til nye Øygarden transformatorstasjon. Formålet med prosjektet er å kvalifisera vindturbinsystemet for den norske og internasjonale marknaden for flytande havvind.
Trond Ågotnes i INP viste til at partiet er programforplikta til å røysta imot vindkraft.Ber om utgreiing av sjøkabel på nordsida av Ljøsneset
Utvalet gav uttale til høyring om tre meldingar frå Statnett for ny 420 kilovolt kraftlinje frå Sauda i Rogaland, Mauranger, Samnanger og Øygarden.
Utvalet støttar tilrådinga frå kommunedirektøren og er positiv til at ny kraftlinje vert etablert.
Utvalet ber NVE å påleggja Statnett å greia ut trasemoglegheit for sjøkabelen på nordsida av Ljøsneset og landfall i same område som BKK sitt landfall for 132 kilovolt frå Merkesvik slik at dette alternativet er tilstrekkeleg utgreidd til eventuelt å inngå ein seinare konsesjonssøknad.
- Vidare luftspenn mot nye Øygarden transformatorstasjon må leggjast i same korridor som BKK sin 132 kilovolt linje, for å unngå å bandleggja meir areal enn naudsynt, heiter det i uttalen frå PMU.
I utgreiinga står det at meldingane gjev ei overordna skildring av Statnett sine planar og forslag til kva konsekvensutgreiingar dei meiner må gjennomførast før det kan søkjast om konsesjon. Endestoppet for ny linje er nye Øygarden transformatorstasjon, som Statnett fekk konsesjon for å byggja i september 2024. Statnett tilrår i meldinga sjøkabel frå Merkesvik/Askøy over til Øygarden, med to forslag til trasear på land.
Vil ha vurdert fleire offentlege funksjonar i samlokalisering med ny vidaregåande skule
For at fylket skal halda framdriftsplanen i prosjektet, må kommunen innan utgangen av 2024 konkludera med kva kommunale funksjonar ein ønskjer inn i ny vidaregåande skule på Stovevatnet.
Plan- og miljøutvalet drøfta dette og voterte over eit forslag fremja av Anita Vindenes (H). Sju medlemer (Høgre, Frp, Sotralista-TVØ og KrF) støtta denne tilrådinga, medan to medlemer (Ap og MDG) røysta for kommunedirektøren si innstilling.
I tilrådinga til kommunestyret heiter det at kommunen inngår eit samarbeid med Vestland fylkeskommune om utvikling av eit felles offentleg bygg ved Stovevatnet på Straume.
Det vert tilrådd at følgjande vert vurdert plassert inn i eit nytt bygg:
- Vidaregåande skule med tilhøyrande funksjonar
- Rådhus med plass til administrasjonen/ politisk leiing
- Kultursalar
- Kulturskulen
- Kafe/kantine
- Plass til ulike publikumsretta tenester
- Helsestasjon for ungdom
- Plass til lag og organisasjonar
- Gymnastikksal
- Politi evt andre statlege funksjonar
- Co working
- Grunderpark
Oppdatert oversikt over aktuelle tenester vert lagt fram i februar 2025. Det vert lagt fram eiga sak som vurderer ulike former for organisering/eigarskap av eit felles utviklingsselskap i februar 2025. Sak om parkeringsstrategi for Straume vert lagt fram til behandling i februar 2025. Eksisterande rådhus på Straume vert vurdert som eigen innsats i eit nytt felles offentleg bygg / selskap. Fram mot hausten 2025, vert lagt fram løypemeldingar til PMU/FS slik at politisk nivå er informert om status, ulike alternativ og økonomiske konsekvensar.
På møtet signaliserte fleirtalspartia at tilrådinga venteleg vert justert fram mot kommunestyrebehandlinga i neste veke.
Anita Vindenes (H) fremja forslaget om offentlege funksjonar i samlokalisering med ny vidaregåande skuleOffentleg ettersyn av planprogram for områderegulering for Straume sentrum nord
Plan- og miljøutvalet vedtok å starta opp planarbeid for områderegulering med konsekvensutgreiing for Straume sentrum nord. Saka gjeld utlegging av planprogram for områderegulering for Straume sentrum nord (tidlegare omtalt som områdeplan for Stovevatnet) til høyring og offentleg ettersyn og formelt oppstartsvedtak for områdereguleringa.
Tilrår plan for Nordre Maimyra
PMU tilrår at planforslag for Nordre Maimyra, Brattholmen, vert vedteken slik det ligg føre. Planområdet er på om lag åtte dekar og ligg i regionsenteret Straume, omkring 200 meter vest for Brattholmen barneskule. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for 13 bustadeiningar i rekke, med leike- og uteopphaldsareal og teknisk infrastruktur.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.
Evaluering av politisk delegeringsreglement for kommunestyreperioden 2023- 2027.
PMU tilrår å ta evalueringa av det nye delegeringsreglementet for klagesaker til etterretning og vedtek å vidareføra delegeringa utan endringar. Kommunedirektøren får i oppdrag å koma tilbake med ny sak om justeringar av politisk delegeringsreglement våren 2025.
I saka går det fram at delegering av kurante byggesaker har vist seg å vera svært effektivt. Saksbehandlingstida er vesentleg redusert frå rundt 137 dagar til 54 dagar. Kommunen held no seg innanfor lovfristen på 8 veker for behandling av klagesaker etter byggesaksforskrifta § 7-1 (1) bokstav c.
Ingen budsjettdebatt
Budsjett 2025 og økonomiplan for 2025-2028 stod også på sakskartet. Utvalet drøfta ikkje saka. Formelt tilrår plan- og økonomiutvalet innstillinga frå kommunedirektøren. Budsjett og økonomiplan vert endeleg vedteken i kommunestyret den 20. desember.
Tekst og foto: Vigleik Brekke