Presenterte familiestøtteprogram for statsråd

Barne- og familieminister Kjersti Toppe møtte tidlegare i mars tilsette og frivillige i Home-Start Familiekontakten (HSF) Øygarden. 
Eg har stor tru på at dette er eit tilbod som bør bli utvikla vidare - både i Øygarden men også i alle andre kommunar, sa statsråden etter besøket.

Barne- og familieministeren møtte tilsette og frivillige på Home-Start. - Klikk for stort bileteBarne- og familieministeren møtte tilsette og frivillige på Home-Start.

Det er KFUK-KFUM Øygarden som driv Home Start. Dei tre tilsette Ingelin Djupevåg Våge (100 prosent), Marit Skogestad Kleiven (50 prosent) og Liv Kari Honningdal (50 prosent) utgjer den faste staben og organiserer ei rekkje frivillige medarbeidarar. I 2022 fekk HSF 1,2 millionar kroner i tilskot frå Øygarden kommune.

Home-Start Familiekontakten (HSF) har i vel 15 år drive eit frivillig tilbod til familiar med små barn med ulike utfordringar i kvardagen. Frivillige familiekontaktar besøkjer familiar med minst eitt barn under skulealder, to til fire timar kvar veke, i seks månader. Målet er å styrkja foreldra, slik at barna får ein god barndom.

- 359 familiar har fått hjelp desse 15 åra og 108 frivillige har generert 28 tusen frivilligtimar. Vi har mykje samarbeid med det kommunale hjelpeapparatet i Øygarden kommune. Det må brukast mykje tid på å søkja om midlar for å driva dette tilbodet. Vi ønskjer ein stabil og føreseieleg økonomi, sa Ingelin Djupevåg Våge.

HSF er eit supplement til det offentlege hjelpeapparatet. Fagutviklar i Barn unge og familietenester BUFT i Øygarden kommune, Anette Børnes, sa at det er behov for ein «landsbytankegang» for å kunna hjelpa til.

- Difor er HSF ein viktig aktør og eit tilbod vi er utruleg glade i. Det fyller heimen og styrkjer foreldra slik at familien får det godt heime. Dette er ei styrkjeoverføring vi treng i samfunnet. Familiekontaktane har vore på kurs og er kvalitetssikra, sa Børnes.

Frå venstre; Sølvi Kobbeltvedt (kommunestyrerepresentant Øygarden Sp), rådgjevar i barne- og familiedepartementet Kristine Opheim, statssekretær Trine Fagervik og barne- og familieminister Kjersti Toppe. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Sølvi Kobbeltvedt (kommunestyrerepresentant Øygarden Sp), rådgjevar i barne- og familiedepartementet Kristine Opheim, statssekretær Trine Fagervik og barne- og familieminister Kjersti Toppe.

Home-Start Øygarden er avhengig av frivillige for å kunne gje eit tilbod. Ein av dei er Janne-Lin Fjeld Andersen. Ho fekk Månadens frivilligpris i mai 2022.

- Eg er veldig glad i barn. Eg har vore i mange familiar, store og små, utanlandske og norske. I desse åra har eg vore i kontakt med om lag 20 familiar, seier Janne-Lin.

Også Merethe Clausen er frivillig medarbeidar.

- Dette er veldig gjevande og kjempegøy å vera med på. Eg hadde nyleg ein fantastisk dag der eg fekk vera med å hjelpa til med lekser. Eg opplever at vi får gje familien eit håp, seier Merethe.

Samtalte med familiar

Statsråden hadde også eín til eín-samtalar med familiar som har fått støtte frå Home-Start og som hadde sterke historier å fortelja. Toppe har sjølv seks barn og veit godt kor hektisk det er for familiane i småbarnsfasen. Ho sa at for deira del fekk dei hjelp frå nær familie til å takla den hektisk kvardagen.

Toppe sa at Home-start gjer ein utruleg viktig jobb for familiar som av ulike grunnar treng ekstra hjelp i ein fase av livet.

- På møtet fekk eg snakka både med frivillige og familiar som mottok tilbudet. Eg blei veldig imponert over Home-start og ser kor enormt viktig tilbodet er og kor bra det også er for dei frivillige som yter av si tid for å hjelpe andre. Eg har stor tru på at dette er eit tilbod som bør bli utvikla vidare - både i Øygarden men og i alle andre kommunar.  Det å hjelpe familiar med små born å få ein god start har stor verdi, og vil og ha betydning for korleis dei kan klare seg vidare, seier statsråden etter møtet med Home-Start.

Dagleg leiar i KFUK-KFUM Øygarden, Sirianne Arnestad Hellerud, orienterte om dei andre arbeidsgreinene i organisasjonen. I same etasje som Home Start driv organisasjonen open barnehage der foreldre og barn kan dukka opp når det passar for dei. Andre tilbod er KM-KLUZZ der barn og vaksne er samla til felles middag, «Kom sammen» som er retta mot småbarnsforeldre, Action og Ten Sing.

- Arbeidet dekkjer ulike behov frå småbarnsfamiliar. Vi er stolte av å kunna dela arbeidet vårt og er takksame for besøket frå barne- og familieministeren, seier Arnestad Hellerud.

Tekst og foto: Vigleik Brekke

Her er fleire foto:

Frå venstre; Kjersti Toppe, Liv Kari Honningdal, Ingelin Djupevåg Våge og Marit Skogestad Kleiven. - Klikk for stort bilete
Janne-Lin Fjeld Andersen og Merethe Clausen. - Klikk for stort bilete
Gruppe - Klikk for stort bilete
Sirianne Arnestad Hellerud og Anette Børnes. - Klikk for stort bilete