Ramma av feil i fagsystem

Øygarden er mellom 14 kommunar som er varsla om at fleire forsendingar frå barnevernet ikkje har kome fram. 

Kommunalsjef Marius Sylta - Klikk for stort bileteKommunalsjef for Oppvekst, Marius Sylta

Avviket vart oppdaga 13. juni, og leverandør av fagsystemet til barneverntenesta, Modulus Barn, Netcompany, sette i verk tiltak straks. Kommunane kartlegg no følgjene og får hjelp frå leverandør.  

Kommunalsjef for Oppvekst i Øygarden kommune, Marius Sylta, opplyser at feilen omfattar 24 forsendingar. Dette er primært svar frå barnevernet til instansar som har sendt bekymringsmeldingar til kommunen.

- Vi har gått gjennom alle forsendingane. Vi er ikkje kjent med at barn ikkje har fått hjelp som følgje av feilen i fagsystemet. Alle bekymringsmeldingane som er sende til kommunen er mottatt og behandla, seier kommunalsjefen.

KS Digitale fellestjenester, som leverer tjenesten Nasjonal Portal for Bekymringsmelding, er kopla på. 

– Data har ikkje kome avvegs, og  ingen har hatt uautorisert tilgang til data. Alle bekymringsmeldingar og andre kontaktar som er sendt inn til kommunen til fagsystemet Modulus Barn frå Nasjonal Portal for Bekymringsmelding skal vera mottekne på korrekt måte av kommunane, seier dagleg leiar i KS Digitale fellestenester, Sidsel Nordhagen.

KS Digitale fellestjenester koordinerer no den vidare dialogen om saka med Bufdir, KS, Netcompany og berørte kommunar.  

Kommunestyret vart torsdag ettermiddag orientert om feilen i fagsystemet.


Tekst og foto: Vigleik Brekke