Reisebrev frå Marl

Fredag den 17. november 2023 reiste fem musikantar frå Øygarden til byen Marl i Tyskland for å delta på en konsert Saman med ‘’jBM - junges Blasorchester Marl e. V.’’ sundag 19. februar.

Dei fem deltakarane frå Rong Brass Tormod Austbø Solberg, Thorvald Svåsand Lihaug, Kristian Elisaasen, Andreas Norheim Lie og Brage Osland Kjærgård saman med varaordførar Anita Garlid Johannessen. - Klikk for stort bileteDei fem deltakarane frå Rong Brass Tormod Austbø Solberg, Thorvald Svåsand Lihaug, Kristian Elisaasen, Andreas Norheim Lie og Brage Osland Kjærgård saman med varaordførar Anita Garlid Johannessen.

Marl er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med rundt 90 tusen innbyggjarar, om lag ein times køyring frå Düsseldorf.

Grunnen var at representantar frå Øygarden kommune, idrettsrådet og kulturrådet deltok på ei samling for representantar frå kommunale og frivillige organisasjonar frå vennskapsbyar/kommunar i Europa. Dette skjedde i august i byen Krosno i Polen.

Her møtte vi blant anna representantar frå Marl som føreslo å arbeida for ei ut utveksling av ungdom som spelar i korps. I utgangspunktet var dette tenkt for ungdom frå 12 til 18 år, altså skulekorps. Men dette krev så mykje planlegging og førebuing at det kan tidlegast skje om eitt år, med returbesøk året etter.

Konsert i november

Det kom likevel seinare ein førespurnad frå Marl om nokon i aldersgruppa 18 til 30 kunne tenkja seg å delta på ein konsert i Marl den 19. november i år. Fem korpsmedlemmer frå Rong Brass meldte seg og reiste til Marl for å vera med.

Dei flaug til Düsseldorf og derifrå tok korpset i Marl seg av alt med omsyn til transport, innkvartering og forpleiing. Øygarden kommune og Øygarden musikk og amatørkulturråd sponsa flybillettane tur/retur Düsseldorf.

Totalkostnadene for reise til og frå Dusseldorf ligg i underkant av 20 tusen kroner for alle fem. Vi er lova støtte frå Øygarden Musikk og Kulturråd på min. kr 5.000,- og vi har søkt om støtte frå kommunen der vi fekk kr 9.800,- I tillegg betalar gutane sjølv kr 500,- i eigenandel. Eventuelle kostnader utover dette vert dekt av kulturrådet.

Dei fem frå Rong Brass som deltok var Tormod Austbø Solberg, Thorvald Svåsand Lihaug, Kristian Elisaasen, Andreas Norheim Lie og Brage Osland Kjærgård.

Tekst: Oddvar Rebnord

Konsert - Klikk for stort bileteKonsert

Her er utdrag frå reisa dag for dag 

(v/ Tormod Austbø Solberg)

Fredag 17. november

Då vi vi landa i Dusseldorf, vart vi møtt av Rene og Matze som køyrte oss inn til Marl. Vi fekk mat på ein lokal serveringsstad før det var rett på ei tre timar lang øving med orkesteret.

Laurdag 18. november

Om laurdagen fekk vi sjå oss rundt. Vi fekk sett Veltins Arena med en gigantisk rullbar grasbane. Så drog vi til Gasometer i Oberhausen. Då fekk vi sett mange fine bilete av naturen og menneskeætta. Her var klima i fokus.

Sundag 19. november

Så var det klart for konsert. Vi var så godt førebudd som vi kunne vera. Konserten gjekk fint, og det var ganske nervepirrande i eit par av stykka vi spelte. 

Måndag 20. november 

Siste dagen i Tyskland måtte vi tidleg opp ettersom vertane skulle på jobb. Vi derimot skulle få oppleva litt meir av Marl og Recklinghausen. Vi drog til Theater Marl og fekk sjå eit tog opp ned som skulle førestilla at konsentrasjonsleirane var heilt motbydelege og snudd på hovudet.

Deretter drog på julemarknad på eit handlesenter. Vi fekk også sjå eit kunstig fjell laga av kolarbeidarar. Før vi reiste heim, fekk vi eit møte med borgarmeisteren i Marl .

Konsert - Klikk for stort bilete

Musikk går over grensene

(utdrag frå helsing frå borgarmeister i Marl)

Fem unge musikarar frå Noreg besøkte byen Marl i helga for å knyta internasjonale kontaktar. Dei vart inviterte og rettleia av det unge brassbandet Marl (jBM). Luardag supplerte de jBM-laget på den årlege hovudkonserten "Eit orkester på ei europeisk reise" i aulaen på Scharoonschule og viste fram dei musikalske ferdigheitene sine.

Kristian Eliassen (25), Brage Osland Kjærgård (25), Andreas Norheim Lie (19), Thorvald Svåsand Lihaug (20) og Thormod Austbø Solberg (19) spelte trombone, kornett og slagverk i det suksessrike brassbandet «Rong Brass» frå Øygarden. 

Måndag ettermiddag besøkte dei unge nordmennene meg på Stadthaus 1 for å snakka om opplevingane i Tyskland og andre planar. Til stades var også den musikalske leiaren Brigitte Vorholt og jBM-musikerne @TAG, Dr. Jan Sage frå Stiftelsen Hüls AG samt Matthias Hoffmann og Margret Ehrke fra Marl-Zalaegerszeg-Krosno bypartnarskap. Den polske byen i det subkarpatiske landet er ein partnarby til Øygarden.

Stiftings- og samarbeidsforeiningar støtta møtet med tilskot. Gjestene vart innkvarterte av jBM musikarar. Nok ein gong vart det klart: «Musikk knyt menneske og kulturar på tvers av landegrenser " Musikk har potensiale til å overvinna språkbarrierar. 

Konsert - Klikk for stort bilete

Glade for besøket

Det var tydeleg at dei i Marl sette pris på besøket vårt.

Her er et utdarg fra et innlegg publisert på korpsets egen Facebookside: 
«Dear Rong Brass musicians, 

we had a fantastic time with you guys in Germany. What a polite, positive and friendly group of people you are. You did a great job representing Norway abroad and made us want to see your beautiful country and meet the Norwegian people even more. 

Since there is the Brass Band Euros going on 2025 in Stavanger - let's meet there!! Everyone fine with that? 🙂
Also - if any of you ever wants to visit Marl or the Ruhrgebiet we are pretty sure you'd have a couple of places you could stay. There is a German saying: "Home is where the water is sparkling". 😉

When we met the Mayor, Andreas said that musicians from all over the world always have that special bond, that universal language we all understand, the beauty of music that connects us all. 
And I'm sure all the musicians in that room and everywhere would agree 100%.

Warm regards and ein dreifaches Gut Luft! from Germany
junges Blasorchester Marl e.V. 💛

Oddvar Rebnord